Rett over midnatt natt til fredag blei ein 16 år gamal gut stoppa av politiet.
Han er gamal nok til å køyra moped, men hadde ikkje førarkort.
– Foreldra blei kontakta og det er oppretta sak, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Mistenkt for brot på vikeplikt
Klokka 11.23 torsdag kom det melding om bilulykke i krysset mellom Lepsøyvegen og Skeisflaten, ved Hagavik Hjemmebakeri.
Ein lastebil og to personbilar var involvert.
– Førar av den store bilen er mistenkt for brot på vikeplikt, seier Hadler-Olsen.
Bilen hadde retning Lepsøy og råka ein annan bil då han skulle svinga inn på butikken. Førar er ein mann i 30-åra. Det er ikkje tatt beslag i førarkortet.
Tigging i Kuvågen - høg fart i Hegglandsdalen
Midtsiden fekk torsdag kveld tips om noko som kan vera ulovleg tigging.
– Ein mann som banka på døra mi sa ingenting. Han viste ein lapp og ville ha pengar. Er ikkje dette forbode? undrast vedkomande, som ikkje hadde kome gjennom på telefon til politiet.
Hadler-Olsen seier han ikkje på strak arm, utan fleire detaljar, kan seia om dette var ulovleg tigging.
Torsdag fekk vi òg tips om stygg køyring på Hegglandsdalsvegen.
– Ein eldre, plommeraud Mercedes kjem ofte i svært høg fart, i dag køyrde han sikkert i 100 km/t forbi huset mitt (50-sone), fortel innsendar.
Politiet seier dei får fleire tips om stygg køyring i Hegglandsdalen, og andre stadar, og at dei deler desse tipsa med UP, som blant anna hadde kontroll på Hegglandsdalsvegen tidlegare i juli. Då fekk ei kvinne eit forelegg på 8300 kroner.