Utrykningspolitiet stoppa bilistar med mobil og utan førarkort i Os sentrum måndag morgon.
Les òg: – Ville ikkje bruka bilbelte
Etterpå var dei på Hatvikvegen og stoppa ein bilist som fekk gebyr for ikkje å ha med seg førarkort. I tillegg stoppa dei ein mann frå Litauen som mangla fleire formar for dokument.
– Han hadde ikkje førarkort. Han hadde heller ikkje søkt om opphaldsløyve, sjølv om han har vore her heilt sidan 2011, fortel politibetjent Trude Lande.