Lokal | 26. juli 2020

Mann klatra på tak i sentrum

Politiet har òg rykt ut på klatring på tak i Os sentrum og roping i skogen i Lysefjorden.

Mann klatra på tak i sentrum
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. juli 2020 06:55

Laurdag klokka 14.25 stoppa politiet ein varebil. I bilen var det fleire passasjerar enn kva bilen er godkjent for.

– Bilførar, ein mann i 30-åra, fekk eit forelegg på 2600 kroner, noko han vedtok, seier vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor,

Vedkomande fekk køyra vidare då han hadde sett av den eine passasjerer det ikkje var plass til i bilen.

Starta aksjon etter melding om mogleg rop om hjelp

Tidleg på kvelden i går rykte politiet ut på melding om noko som høyrdes ut som gråt og rop om hjelp i Lysefjorden.

– Vi fekk heldigvis raskt svar. Patruljen rykte ut i 19-tida, ein halvtime seinare var det klart at nokre turgåarar hadde ropt, men det var ingen som hadde skadd seg eller hadde behov for hjelp.

– Det er bra at folk melder ifrå!

Då brannvesenet i går fekk melding om funn av dødt dyr på Sandholmane, og dette såg ut til å vera ein hund festa i eit tau, blei òg politiet varsla.

Det viste seg å vera eit klovdyr, truleg ei geit, og det var ikkje festa i tau, men i noko tang. Dyret var så smuldra opp at det ikkje let seg gjera å plukka det med seg.

Brannvesenet fekk tidlegare på dagen melding om funn av noko som såg ut som ei mine i Kobbavågen. Gjenstanden var eit ufarleg stykke plast.

Mann kommandert ned frå tak

I 02.30-tida blei ein mann observert på eit tak i Os sentrum.

– Vedkomande, ein mann i 20-åra, fekk beskjed om å klatra ned igjen, noko han gjorde.

Klokka 05.40 stoppa dei ein bil med fleire manglar.

– Eigar, ein mann i 20-åra, burde ha retta opp i desse for lenge sidan. Bilen blei avskilta.

Feststøy og feilparkerte bilar

Fredag kveld i 18-tida fekk politiet tips om fleire feilparkerte bilar på Halhjem ferjekai.

Politiet har skrive ut fleire gebyr på Halhjem den siste tida, men var ikkje ledig då meldinga kom inn.

– Det skal ha vore fleire bilar som sto parkert på fortauet. Vi ber folk finna ledige plassar eller ta bilen med seg til ein annan stad.

Klokka 04.10 natt til laurdag kom det klage på feststøy og høg musikk på ei adresse vest for sentrum.

– Patruljen besøkte adressa. Dei fekk beskjed om å avslutta festen, noko dei gjorde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.