Lokal | 14. des. 2010
Stoppa «vrak»
Politiet tok ein u-sving då dei møtte bilen som viste seg å fortena avskilting.
Andris Hamretysdag 14. des. 2010 13:12
På veg frå retten kom patruljen frå Os over ein bil dei ville ta ein nærmare titt på. Det gjorde dei rett i.
- Den kjørte med tre forskjellige typar dekk, det eine var heilt blankslitt, fortel politibetjent Kenneth Rastad.
Politiet snudde og fekk stoppa bilen i Hjellemarka.
- Slike «vrak» er det viktig at vi får av vegen, meiner han.
Bilen, som var på veg mot Bergen, kjørte med prøveskilt og var elles i dårleg stand. Dermed blei den avskilta på staden.