Stoppar bossinnsamling
Om streiken i offentleg sektor held fram over pinse blir det stopp i innsamling av restavfall frå tysdag. - Kildesorter mest mogleg, er rådet.
Partane i offentleg sektor kom ikkje til einigheit under nattas mekling, noko som resulterte i at fagforeningane tok ut nokre av sine medlemmar i streik.
- Fagforbundet i Os er ikkje omfatta i fase éin, opplyser Hege Bjørnør til Midtsiden.
Nokre som er omfatta av streiken er 19 tilsette ved BIR sit forbrenningsanlegg i Rådalen. Dette skapar problemer i høve til mottak av restavfall.
- Vi tek ikkje lenger i mot brennbart restavfall på gjenvinningsstasjonane, fortel kommunikasjonssjef Mette Nygård Havre.
Dette betyr at du frå i dag berre kan levera andre type boss, som plast, papir, isopor, trevirke etc på BIR sitt anlegg i Kolskogen.
Stopp frå tysdag av
Bossbilane kjem til å henta restavfall frå privatkunder ut denne veka (torsdag og fredag), men frå tysdag av vil det bli stopp også her.
- Vi reknar med at streiken held fram også i neste uke, og då vil det blir større konsekvensar også for privatkundane.
- Lageret vårt for restavfall i Rådalen vil då vera fullt og vi må stoppa innsamlinga frå dei grøne bossdunkane, forklarar Nygård Havre.
Ho presiserar at papir og plast framleis vil bli henta som normalt.
- Dei blå bossdunkane og sekkane med plast må osingane framleis setta fram i tråd med tømmeplanen så hentar vi dei.
Tenk deg og sortér
Nygård Havre skryt av osingane sin innsats i høve til kildesortering.
- Osingane er flinke til å kildesortera, men no blir det enno viktigare enn normalt.
- Eg vil rå folk til å tenka seg litt om før dei handlar inn til pinsen. Det som normalt går i restavfallet vil dei truleg ikkje få levert over helga, seier Nygård Havre som nemnar matavfall som lett skapar lukt som eit eksempel på varer ein kanskje skal vurdera å unngå.
- Ei løysing i høve til rekeskall og fiskeslo er å frysa det ned fram til streiken er over, avsluttar Nygård Havre.
7 tips til kundane
BIR har laga ei liste med tips til kundane om kva dei kan gjera med bosset medan streiken pågår.
- Kildesorter mest mulig, slik at det blir minst mulig restavfall.
- Ikke fyll opp bosspannene med avfall som kan vente.
- Komprimer bosset godt, og knytt posene godt sammen.
- Sett bosspannet i skyggen.
- Dersom streiken strekker seg utover i tid og bosspannet er fullt, kan husholdningene samle avfallet i en vanlig bossekk. Den vil bli hentet sammen med bosset på vanlig tømmedag når streiken er avblåst.
- Et tips er å fryse ned matavfall som kan avgi sterk lukt for å redusere luktplager fra bosset, som fiskeslo og rekeskall.
- Oppbevar avfallet hjemme. Ikke sett ut poser ut ved siden av bosspann som er fulle, selv om de er knyttet godt sammen.
Fleire tips om korleis du kan forhalde deg i høve til bosshandteringa finn du på BIR sine heimesider.