midtsiden

Stopparane skåra begge

Ein flott båttur til Rosendal var glimrande opplading for Os 2. Midtstopparane skåra begge måla i bortekampen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Etter tre strake sigrar blei det poengdeling i førre kamp. Torsdag var det bortekamp mot Rosendal, men effektiv transport gjorde reisa til ei fin opplading.

- Vi leigde båten til onkelen til Anders S. Strønen, Godøysundekspressen, så då gjekk det raskt begge vegar. Ein time i båt i det fine vêret såg ut til å vera fin opplading, seier trenar Tore Nielsen.

Rosendal har tapt alle kampane i år, men var nær på å slå topplaget Valestrand Hjellvik i førre runde.

Os vann kampen 2-1, men burde ifølgje Nielsen ha skåra minst dobbelt så mange mål.

Leia 1-0 til pause
Os hadde eit nesten reint juniorlag med seg sørover. Ungdomane imponerte igjen.

- Midtstoppar Dani Bergstø skåra på corner, men vi hadde mange sjansar utanom det, fortel Nielsen.

Bergstø skåra etter 14 minutt. Først i 62. minutt auka gjestane til 2-0.

- Vegard Borgen tok ballen, gjekk over halve banen, sendte vidare, fekk innlegg som Espen Kopperud nikka i tverrliggar - og så blei det litt klabb og babb framfor mål. Borgen var frampå med ei hocketakling og sparka ballen i i buret.

Rosendal reduserte på straffe i 76. minutt.

- Marcus Dalland, som kom inn som keeper etter 63 minutt, var visst borti foten til ein motspelar då han sparka ut ballen.

- Straffen gjekk inn, og Rosendal fekk håp om poeng dei siste minutta. Men vi vann fortent, i ein kamp der særleg Aleksander Lindkvist og Mats Lepsøy imponerte.

Desse spelte frå start (4-3-3): Anders S. Strønen, Baste Jonassen (h.b.), Dani A. Bergstø, Vegard Borgen, Mats Lepsøe (v.b.), Christian Almeland (sentralt), Aleksander Lindkvist (h.i.), Erik Kanestrøm (v.i.), Benjamin Holme (h.k.), Sondre Samdal (v.k.) og Ramo Racic.

Byte: Espen Kopperud for Holme, Daniel Vevatne for Samdal, Marcus Dalland for Strønen og Kristoffer Sande for Jonassen.

Os 2 toppar no tabellen for 4. div. avd. 1. Dei to laga på 2. og 3. plass møter kvarandre i dag.

SJÅ TABELL

Fleire saker