Sport | 12. apr. 2011

Stor fisk og artige artar

Det var mykje rart å få på kroken på Marsteinen i helga. - Dette gjer vi gjerne igjen, seier Tor Åge Thuen.

Stor fisk og artige artar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. apr. 2011 09:34

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 4
bilde
bilde
bilde
bilde

Søndag tok Os jakt- og fiskelag med seg 15 fiskarar og 9 tilskodarar i to båtar til Marsteinenpå havfiske.

Les òg:
Strøken søndag med fiskelaget

– Vi må finna på noko nytt når fisket i elvene blir så redusert, seier Tor Åge Thuen frå Os jakt- og fiskelag.

I november i fjor arrangerte fiskelaget kurs i havfiske. Då var det 34 påmeldt.

– Dei to skøytene som frakta oss til Marsteinen blei tidleg fylt med fiskarar, så vi trengte ikkje å annonsera turen, seier Thuen.

Tidleg avreise i flott vårvêr

Turen gjekk frå Vedholmen Landhandel med oppmøte i 6.30-tida søndag morgon. Klokka 9 gjekk dei første krokane i sjøen utanfor Marsteinen.

– Vi fekk 6 timar med fiske. 8-9 fiskar per båt var litt mindre fangst enn venta, men i så fint vêr blei det uansett ein flott tur.

Spennande artar

Dei to største fiskane var ein torsk på 8 kilo og ei lange på 7 kilo. Men det blei også tatt ein del brosmer og nokre litt spesielle artar.

– Anders Løvik fekk ein svarthå og eg fekk ein blåkjeft, fortel Truls Marceliussen, som med fire fiskar var den som fekk flest om bord.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.