Sport | 19. mai 2014

Stor fisk og skadd fisk

Laksen har kome til Oselvo og søndag startar fiskekortsalet. – Nokre av dei har lus, men det som er kjekt å sjå er at det er mykje stor fisk, seier Roald Helle.

Stor fisk og skadd fisk
Denne skadde laksen står i Oselvo i dag. Heldigvis står det også ein del stor og uskadd fisk i og utanfor elva. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 19. mai 2014 13:25

Dei siste dagane har det stått ein del nøgde folk på Osbrua.

– Laksen har som vanleg kome inn no i midten av mai og søndag sto det mange fisk og mykje stor fisk utanfor brua, seier Roald Helle.

Helle er hobbyfiskar og grunneigar på Søfteland.

Over 15 kilo

– Det sto fleire fiskar på rundt 10 kg og ein som eg meiner er 12-15 kilo, kanskje over 15 kilo, ifølgje ein annan fiskar som sto der med meg i går, fortel han.

Sjå rekordlaksen på 18 kilo, som blei fiska i fjor, og utstoppa i vinter.

Etter all nedbøren før helga var elva stor, og fleire av dei store fiskane har truleg gått opp elva.

– Det er kjekt for oss som fiskar lengre oppe i vassdraget, at det går opp stor fisk no, i god tid før opninga.

– Å sjå laks med lus er trist. Men dei som ikkje er så tungt angripen blir avlusa når dei no kjem i ferskvatn.

Attraktiv opningsnatt

Årets sesong startar 15. juni, og søndag startar fiskekortsalet for medlemmar i Os Jakt og Fiskelag, med trekning på dei ulike sonane opningsnatta.

– Med to veker tidlegare opning enn i fjor, og opningsnatt natt til ein søndag, er det nok stor interesse i år, trur Roald.

Salet av kort på Kremretten er allereie starta.

Måndag om ei veke kan kven som helst gå på MX Sport og kjøpa fiskekort.

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.