Guttorm Gjerde, medeigar i Bjørnefjorden Utvikling AS, var med på delar av kommunen sin workshop fredag. (Foto: KVB)

Stor interesse for å bu ved Os hamn

Steinneset: Han skulle berre bygga 8-10 leilegheiter. No ventar Guttorm Gjerde spent på resultatet frå moglegstudiet.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Prosjektet som i vår utløyste moglegstudie av Steinneset var i utganspunktet eit lite og enkelt oppdrag. Eigarane av «legehuset» kontakta Bjørnefjorden Utvikling AS og spurde om dei ville overta og bygga nytt.

– I utgangspunktet såg vi for oss å riva og bygga nytt, i tilsvarande volum, 8-10 leilegheiter. Men vi blei oppfordra, blant anna av Os kommune, å tenkja litt større. Både kommunen og fylkeskommunen har jo ein filosofi om at det skal byggast tett, med eit visst volum, når du bygger nytt nær sentrum, seier Guttorm Gjerde.

Eigar av ein naboeigedom ville vera med. I tillegg eig Os kommune ei smal nabotomt langs vegen ut til moloen.

– Dialogen med administrasjonen i Os kommune var veldig tett og konstruktiv. Vi fekk inn Multiconsult, HLM Arkitekter og meklarkontoret Vikøyr & Brandt, eit kanonlag, og sto klare til å ta neste steg, å søkja om oppstart på regulering. Det er eit følsamt terreng, i grensa mellom einebustadområde og det meir urbane i sentrumskjerna, vi er opptatt av å tilpassa oss dette best mogleg, fortalde Gjerde i april.

Så kom vedtak om moglegstudie før Os kommune eventuelt vil selja tomta si eller bli del av reguleringa til utviklingsselskapet.

• Les òg: Svarte på fem spørsmål om Steinneset

Håper moglestudiet resulteter i vedtak før jul

Fredag var Gjerde med på delar av verkstaden, som er oppstart på moglegstudiet.

– Vi har halde dialogen med grunneigarane, for å orientera om framdrifta. Moglestudiet kan vera ein god ting både for området og for prosjektet vårt, seier Gjerde.

No er han spent på framdrifta.

– Kva er det tidlegaste du ser for deg at de kan koma vidare med prosjektet?

– Vi håper jo å kunna starta reguleringsprosessen på nyåret i 2018. Skal vi få det til så må det koma eit kommunestyrevedtak før jul.

Fleire står på liste

Dei tre arkitektkontora som fredag starta moglegstudien skal koma med sine idear innan ein månad. Så skal desse stillast ut.

I mellomtida merkar Bjørnefjorden Utvikling stor interesse for å bu nær hamna og fjøra, på Os si solside.

– Vi har fleire på liste, seinast i førre veke kom det to nye interessentar og meldte seg på, fortel Gjerde.

Fleire saker