Lokal | 08. nov. 2018

Stor leigekontrakt til ny huseigar

1200 kvadratmeter av Drageset-bygget er leigd ut.

Stor leigekontrakt til ny huseigar
Dei tre øvste etasjane av Drageset-bygget blir utviding av rådhuset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. nov. 2018 11:21

Bildeserie:

Førre eigar har skifta heis og bygd ny inngang. (Foto: KVB)
Førre eigar har skifta heis og bygd ny inngang. (Foto: KVB)
Einaste ledige lokale i bygget har salsflate på 70-80 kvm. (Foto: KVB)
Einaste ledige lokale i bygget har salsflate på 70-80 kvm. (Foto: KVB)
1 av 2
Førre eigar har skifta heis og bygd ny inngang. (Foto: KVB)
Einaste ledige lokale i bygget har salsflate på 70-80 kvm. (Foto: KVB)

I august blei Torggata 2, «Drageset-bygget», selt frå Drageset Lyssand-familien til Gjølanger Bruk AS. Eit anna firma i same familie, Sinø Management AS, skal drifta bygget.

Selskapet har no teikna leigekontrakt på heile 2., 3. og 4. etasje, til saman over 1200 kvadratmeter.

– Kontrakten er med éin leigetakar og varer i 10 år. Leigetakar skal bruka lokalet til kontor, fortel Sindre Øvrebø i Sinø Management.

Det er Os kommune som er leigetakar.

Administrasjonen har vakse ut av rådhuset, noko som var tema blant anna i kommunestyremøtet 25. september. Les meir om dette lenger nede i artikkelen.

Berre eitt ledig lokale

Mens Norgesgruppen framleis har leigekontrakt, men for tida inga drift, i store delar av gateplan, er det eitt ledig lokale i det store bygget.

– Lokalet har salsflate på 70-80 kvadratmeter, men har ledig areal i bakkant, til pauserom, garderobe og toalett. Det har vore eit par interessentar, men vi har førebels ingen kontrakt.

Innflytting i 2019

Huseigar held i desse dagar på med oppussing av fasaden i bakgården, der også vindauge skal skiftast, og med fornying av tak. Dette arbeidet pågår uavhengig av ny leigetakar.

– Vi skal òg stå for oppussing av etasjane Os kommune skal leiga. Innflyttingsdato er ikkje bestemt, men vi har begge ambisjonar om å få dette klart til mai 2019.

Førre huseigar pussa opp fasaden mot Øyro og Torget, skifta heis og bygde ny hovudinngang.

– Vi skal ta alt det andre, frå bygging av nye toalett til totalrenovering av alle etasjane. Men først skal vi laga ein plan. Trappa frå Joker-lokalet til andre etasje står der framleis. Om kommunen skal ha publikumsretta drift i etasjane, er det mogleg at dei vil bruka denne. Men den kan òg bli fjerna.

Vil heller leiga enn eiga

I kommunestyremøtet i september var sak om opprusting av rådhuset og utvida areal oppe til diskusjon. I tilleg til å pussa opp i Sentrumskvartalet hadde rådmannen ønskje om å kjøpa Torgbygget/Osbygg av Os Bygg og Eigedom, for å rusta opp dei øvste etasjane til kontor.

Kommunestyret godkjente bruk av 10 millionar kroner til oppussing av eksisterande rådhus, men å kjøpa Torgbygget blei det ikkje fleirtal for.

– Kvifor skal vi kjøpa no, rett før vi skal inn i budsjettarbeidet,i staden for å køyra ein ordinær budsjettprosess på dette, undrast Jakob Enerhaug (KrF).

Han fekk støtte frå Frp.

– Det blir feil å bruka pengar på nytt administrasjonslokale no, før vi veit kva behovet blir etter kommunesamanslåing. Å bruka 30 millionar kroner kan dessutan vera uheldig for samarbeidet, sa Gustav Bahus.

Nils-Anders Nøttseter (MDG) viste til diskusjon i formannskapet i forkant av møtet, og gjekk for kjøp. Han fremja følgjande forslag: «Kommunestyret godkjenner at det blir brukt inntil kr 27 mill. kr til kjøp og opprusting av g.nr 55 b.nr 383 («Torgbygget») med formål å sette bygget istand til kontorarbeidsplassar for tilsette i kommunen. Utgiftene blir dekka av midlar avsett til investeringsfond (balansekonto 2.5600.810) og mvakompensasjon. Årlege utgifter til drift, vedlikehald og forvaltning av bygget, kr 300.000, blir innarbeidd i økonomiplanen for 2019 – 2022».

Forslaget fekk 4 røyster (2 MDG og 2 Venstre) mot 30 røyster (1 ugild utan vara) og fall.

I staden gjekk fleirtalet i kommunestyret inn for følgjande punkt: «Ved ytterlegare behov for kontorarbeidsplassar, skal rådmannen finna eigna lokale i leigemarknaden».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.