Kultur | 07. feb. 2019

Stor opprusting av skuleplassen på Kuventræ

40 år gamle Kuventræ barneskule får seg eit løft denne våren.

Stor opprusting av skuleplassen på Kuventræ
Arbeidet starta i desember. Innan 17. mai skal uteområdet stå ferdig. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. feb. 2019 07:57

Kuventræ barneskule, som var 40 år i fjor (skulen som eining) og i år (bygningane), er i ferd med å få fornya nærmast heile utearealet.

– Etter at Os kommune no har gjennomført fleire investeringar på andre skular, som tilbygg på Lunde og innreiing av ny etasje på Lysekloster, er det no vår tur, seier rektor Olav Røttingen.

• Les òg: Sprek markering (skulen 30 år i 2009)

Førre store tiltak var i 2014, då det frå februar til august blei bygd fire nye klasserom.

– Denne gong er det utandørs, med mange installasjonar eg trur elevane vil gle seg mykje over.

Fire ballbanar og stort klatretårn

Kuventræ barneskule får drenert og planert den store, opne plassen mellom skulebygningane.

– Her kjem to ballbanar, den eine med små mål, den andre med litt større mål.

I tillegg skal det byggast ein større klatreinstallasjon, ei sekskantdisse og eit turnstativ.

– Også baskeballbanen og sandvolleyballbanen skal fornyast. Vi får òg utandørs bordtennisbord og utandørs sjakk.

Både elevråd, FAU og tilsette har vore med på prosessen med å bestemma innhaldet på det nye uteområdet.

Permanent stengt for biltrafikk

Parkeringsplassen ved basketballkorgene skal ikkje lenger vera ein plass for bilar.

– Når arbeidet er ferdig skal vi montera bom ved innkøyringa. Vi vil ikkje ha bilar inn her verken i skuletida eller på kveld eller helg, seier Røttingen.

– Om det er noko som skal leverast, eller andre gode grunnar til å ta bil heilt inn på plassen, kan vi sjølvsagt opna bommen. Men no blir det tryggare for mjuke trafikantar både dag og kveld.

Skal stå ferdig i mai

Store delar av det opparbeidde uteområdet erno stengt av som byggeplass. Elevane boltrar seg i skogen og på fotballbanen. I tillegg til bruk av nedre bane, har dei eldste lov å bruka øvre bane. Som takk til Os Turnforening stilte elevane i førre veke på snømåking.

– Vi er heldige som har mykje godt areal rundt skulen, men har fleire vaktar ute no når nokre elevar leikar meir tett og andre er meir spreidd.

Arbeidet starta i midten av desember, og går litt i rykk og napp ut frå kor mykje frost det er i bakken.

– Målet er å vera ferdige til 17. mai, fortel rektor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.