«Uthaug» og KNM Mjølner utanfor Os sentrum 24. januar (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Stor, internasjonal øving i Bjørnafjorden

I dei neste vekene kan det bli høg aktivitet av militære fartøy i Bjørnafjorden.

Av: Andris Hamre

I veke 7 og 8 gjennomfører marinen delar av Nato-øvinga «Dynamic Guard» i Bjørnafjorden.

Allierte som deltar kjem frå Danmark, Frankrike, Tyskland, Polen, Nederland, Canada og Spania.

– I desse vekene blir det årlege ubåtsjefkurset (TG18-1) gjennomført, med spesiell fokus på overflate- og undervannskrigføring i utfordrande kyst- og innanskjærsforhold, heiter det i ei melding frå marinen.

I sjø og luft

Frå torsdag morgon og gjennom helga vil fleire allierte fartøy legge til kai i Bergen hamn. Meir enn ti fartøy kjem i løpet av helga, mellomanna fregatten KNM Otto Sverdrup.

– Det må ventast stor maritim aktivitet utanfor Bergen, kor 14 overflatefartøy og utbåtar vil delta. Ein må òg venta luftaktivitet frå helikopter og mindre fly.

– Det er viktig at Nato kjem til Noreg for å øva og trena. Dette gjer oss moglegheit til å øve med våre nærmeste allierte, samstundes som Nato får kunnskap om det å operere her hos oss, seier sjef Marinen, flaggkommandør Ole Morten Sandquist i meldinga.

Øvinga vil gå føre seg i Nordsjøen frå Bergen til Sognefjorden, Bjørnafjorden, Sognefjorden og Sotra vest.

Også tidlegare i vinter har Marinen vitja Bjørnafjorden, blant anna då ubåten «Uthaug» og KNM Mjølner vitja Os hamn i slutten av januar.

Fleire saker