Stor stemning på Osfest
Bildeserie: Stemninga er i ferd med å ta seg opp på Osfest. Elvira Nicolaisen og Halvdan Sivertsen har levert.
Bildeserie:
Omlag 200 hadde funne vegen til grusbanen då Kjell Elvis opna Osfest og ønska Elvira Nicolaysen velkommen opp på scenen klokka 18.
Med sin melodiske pop satte sørlandsjenta standarden for det som tyder på å bli ein storslagen fest. Eit femti-tal tilskodarar stilte seg opp framfor scena. Det tredoble fann plass langs benkane bakover.
– Ho er utruleg flink, var ein gjenganger blant publikum.
Stand-up med Halvdan
Ein konsert med Halvdan Sivertsen er vel så mykje eit standup-show som ein konsert. Bodøværingen fleipar og fortel historiar på løpande band mellom den eine slageren etter den andre.
Det er liten tvil om at Os-publikummet likte det dei fekk.
Då han opna konserten skylda han på at han byrja å bli ein eldre mann og ba publikum trekke fram mot scenen. Om lag 200 følgde oppfordringa, medan vel det doble framleis heldt på glasa ved borda.
I skrivande stund, like før Elg går på scenen, nærmar det seg 1000 tilskodarar på festivalområdet. Eit tal vi vil tru doblar seg når Gabrielle går på litt seinare i kveld.
Midtsiden kjem tilbake med video og meir frå festivalfredagen
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.