Stor tillit og godt samarbeid
Start fredag: Jegerane håper på godt samarbeid med turgåarar, forbundet fortel om historisk stor tillit til norske jegerar.
Fredag 1. september startar årets hjortejakt.
Dei lokale jegerane ønskjer å gjera innbyggarane merksame på datoen.
– Som i fjor varer jakta til 23. desember, seier sekretær Lars Olve Haukeland i Os Vest Hjortevald.
– Vi oppmodar alle jegerar, turgåarar og andre om godt samarbeid rundt om i skogane i Os.
Historisk høg tillit
Folk sine haldningar til jakt og jegerar blir målt regelmessig gjennom Natur- og Miljøbarometeret til TNS-Gallup. Der blir det stilt bortimot like spørsmål kvart tredje år, for å få fram eventuelle endringar over tid i haldningar til aktuelle natur- og miljøsaker.
Førre måling viser at jegerane aldri har hatt så stor tillit som no.
86 % av dei som blei spurd har svært eller ganske god tiltru til at jakt i Noreg blir utøvd på ein human og forsvarleg måte.
Fokus på å vera aktsam
– Dette er gode tal og det samsvarar med det inntrykket vi har av den norske jegeren. Han eller ho er ein dedikert person med glødande interesse for natur og dyreliv. Vi har eit forvaltningsansvar, og det ansvaret på vi ta på alvor, seier leiar i Norges Jeger- og Fiskerforbund, Runar Rugtvedt.
– Samtidig er vi audmjuke for det faktum at vi utøver ein aktivitet som krev at vi er særleg aktsame i forhold til andre naturbrukarar. Det er rom for alle dersom vi tar omsyn til kvarandre. Vi kan lova at vårt arbeid med fokus på tryggleik, gode skot og ei fornuftig naturforvalting skal vidareførast.