Store, alvorlege verk i Griegsamlinga
Klavertalentet Oda Voltersvik med Grieg og Sjostakovitsj i Griegsamlinga.
Sundag arrangerar Musica Nord og Oseana sommarens nest siste kammerkonsert i Griegsamlinga.
– Denne søndagen er det det unge norske stjerneskotet Oda Voltersvik som held klaverkonsert for oss, fortel kulturhusvert Janne Mari Hjelle.
– Voltersvik skal spele to store, alvorlege verk: "Et stort, alvorlig verk som det vil glede meg å kunne få utgi, da det vil gi Deres navn en enda større klang," var direktøren av Peters-forlaget sin umiddelbare kommentar etter å ha høyrt Grieg spele Ballade i g-moll - kanskje hans aller største og ypperste komposisjon for klaver. Beskrivinga kunne imidlertid like gjerne kledd Sjostakovitsjs andre klaversonate, ei spenningsfylt, til tider tragisk og mørk beretning frå eit uroleg kunstnarsinn.
– I kveld vil Voltersvik ta oss med på ei reise gjennom det vell av kjensler, spenning og fortviling som disse verka rommar, forklarar Hjelle.
Oda Hjertine Voltersvik har studert ved Griegakademiet i Bergen, og ved Royal College of Music i London. Ho har gitt ei rekkje konsertar i London, bl.a. i Jaqueline du Pré Concert Hall, Britten Theatre og Amaryllis Fleming Hall. Ho har og gitt konsert ved den første internasjonale Folkemusikkfestivalen i Beijing, og i Bergens Kammermusikkforening.