Store gutter gråter ikke

- med Ørjan Burøe

Store gutter gråter ikke 
- med Ørjan Burøe.
 
Det vert sagt at store gutar ikkje græt. Kvifor ikkje, eigentleg?
Ørjan Burøe hevdar i alle fall at han ikkje finst redd for å visa kjensler. Han kan fint dela det som skjer inni seg med Gud og kvarmann. Det må rett og slett til, meiner han, for då får vi ei betre verd - gjer vi ikkje? Dessutan får vi mykje materiale vi kan laga humorshow av.
Heldigvis er det lov å snakka om kjensler i våre dagar, snakka om det indre livet og ikkje berre alt maset kring oss. Dei fleste oppegåande menneske veit godt at det kan gå riktig gale med folk som ikkje klarar å visa kva dei kjenner. Så kva er det vi ventar på?
Store gutar græt ikkje! Jau då, det gjer dei, men dei treng berre ei skulder å grina på. Kanskje det kan vera skuldra til Ørjan? I kveld, i det minste.
I tre år har Ørjan Burøe reist med showet «Fordommer» og spelt nær to hundre  framsyningar. Med «Store gutter gråter ikke» lagar Burøe nok ein gong ei morosam og personleg framsyning, med tette punchlines. Vi håpar at du ler og kosar deg, og kanskje til og med græt ein liten skvett - om du tør.
Regi/tekst: Ørjan Liavåg Musikk/tekst: Bjarte Jørgensen
 
Ord. 425,- 
Stud. 380,- 
Gruppe 8+ 380,- (må kjøpast I Oseana Resepsjon)
 
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

Oseana Kunst & Kultursenter

Lørdag, mars 7, 2020 - 19:00