Lokal | 14. sep. 2016

Store mengder kval i fjorden

Lesarvideo: Ole Christian Brekke og Even Olsen var på veg til Marsteinen for å fiska då dei møtte denne store flokken.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. sep. 2016 09:23

Tysdag formiddag skulle nordsjøarbeidarane Ole Christian og Even til Marsteinen for å fiska.

Etter å ha køyrd ut Strøneosen, før dei kom til Austevoll, møtte dei ein stor flokk med kval.

– Eg trur det er grindkval og det var veldig mange, kanskje 80 til 100 stykker, fortel Brekke.

– Eg hadde dykkarmaske i båten og lurde på å hoppa uti, men dei svømte så fort at eg hadde nok aldri kome tett på uansett.

Håper dei held seg i området

Flokken kom frå nord og hadde retning sør.

– Dei var godt spreidd, men svømte ganske målbevisst i retning Langenuen og Stord. Eg håper likevel dei har snudd, at vi kan sjå dei igjen i fjorden i dagane som kjem.

Fin fangst

Osingane følgte flokken i rundt eit kvarter før dei køyrde på fisketur.

Der blei dagen komplett.

– Vi hadde god fangst med stanga òg, det blei blant anna ei lange på ni kilo og til saman 15 kilo med fisk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.