Sport | 13. juni 2020

Store sjansar i låg elv?

Spådomar før tørr sesongstart.

Store sjansar i låg elv?
Sone 2 fredag, 2,5 døgn før start. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandlørdag 13. juni 2020 09:14

I slutten av mai jubla sportsfiskarane over to ting, no er det tørre dagar og låg elv inn mot sesongopning natt til måndag 15. juni.

Det har vore flott oppgang av fisk fram til desse dagar. Men torsdagens vassmåling på 0,9 kubikk var ikkje mykje å skryta av.

– Dette sommarvèret er sjølvsagt ikkje det vi håpa på, men ifølgje nokre meldingar på Yr.no så ser det ut som det kan koma nokre byger. Vi skulle gjerne hatt nokre kubikk til.

– Om vi skal få litt oppgang av fisk bør det vel koma litt nedbør så vi får elvo opp i ein 3-4 kubikk. Sjølv om vi var vitne til onsdag at det gikk fisk opp på under 1,5 kubikk, formann i Osvassdragets forvaltningslag, Roald Helle.

Nedste del av Oselvo ligg rundt to døgn etter Røykenes, der NVE måler vassøfringa.

Som ofte før, på opningsnatta, er det tørt i Oselvo i midten av juni. (NVE)
Som ofte før, på opningsnatta, er det tørt i Oselvo i midten av juni. (NVE)

Desse plassane får du fisk

Sjølv om det generelt er lite vatn i elvo, finn ein spesielle plassar kor det sjølvsagt er gode moglegheiter for å få fisk.

– Eg vil seia at i sone 2, sone 5 og i Kremretten vil det vera gode moglegheiter å få fisk. Vi har sett oppgang på fisk heilt fram til desse dagar, så at det står fisk på desse plassane er eg ikkje i tvil om, seier Helle.

Kortsalet til årets sesong har gått jamt og Helle er positiv før sesongstart.

– Det har vore ein fin pågang på kortsalet og det er vi glad for. No får vi håpa det kjem litt nedbør, så blir dette knallbra, avsluttar Helle.

Først og størst i 2019

Fleire gongar dei siste åra har elva vore låg på opningsnatta. Sånn var det òg i fjor. Men det har likevel blitt tatt fisk natt til 15. juni, eller ut på dagen.

Første laks kom på land klokka 04.15, då Bård Lyssand fekk ein laks på 4-5 kilo i Kvernhushølen (vis a vis sone 2).

Årets «Oskar» i fjor gjekk til Leif Juvik. Han tok ein laks på 5,7 kilo på makk i sone 5, Klekkerihølen, på dagtod 15. juni.

Den største laksen som blei tatt i Oselvo i fjor vog 10,3 kilo.

Den blei tatt på land 27. juni av Aage Nilsen, som fiska med floge i Spongo på Tøsdal.

Ole Vidar Søviknes frå Prohd.no følgjer fisket i Oselvo tett. Her er hans oppsummering og bildeserie av fangstane i 2019.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.