Lokal | 08. sep. 2010

Storfin vitjing på Drange

Det var storfin vitjing på Drange onsdag kveld då Le Grand Bleu vitja Lysefjorden.

Storfin vitjing på Drange
Andris Hamreonsdag 08. sep. 2010 22:44

Bildeserie:

Nødbåtane er større enn dei fleste båtane vi vanlegvis ser på fjorden. (foto: An
Nødbåtane er større enn dei fleste båtane vi vanlegvis ser på fjorden. (foto: An
Store forhold på ein stor båt, legg merke til "lettbåten" (Foto: Andris Hamre)
Store forhold på ein stor båt, legg merke til "lettbåten" (Foto: Andris Hamre)
Mannskapet freista fiskelykka. Om dei fekk noko veit vi ikkje. (Foto: Andris Ham
Mannskapet freista fiskelykka. Om dei fekk noko veit vi ikkje. (Foto: Andris Ham
Sirius A er namnet på lettbåten. Bak ligg ein seglebåt av ikkje heilt liten stør
Sirius A er namnet på lettbåten. Bak ligg ein seglebåt av ikkje heilt liten stør
Smekre linjer har ho i allefall (foto: Andris Hamre)
Smekre linjer har ho i allefall (foto: Andris Hamre)
Interiøret er ei vel bevart hemmelighet. (Foto: Andris Hamre)
Interiøret er ei vel bevart hemmelighet. (Foto: Andris Hamre)
Han blei liten Askeladden som vitja Le Grand Bleu. (Foto: Andris Hamre)
Han blei liten Askeladden som vitja Le Grand Bleu. (Foto: Andris Hamre)
Badeplattformen på 16 fot fekk Roman Abramovich bygd då han kjøpte skipet. (Foto
Badeplattformen på 16 fot fekk Roman Abramovich bygd då han kjøpte skipet. (Foto
Om det er eigaren eller gjester som ser på mannskapet fiskar er ikkje godt å sei
Om det er eigaren eller gjester som ser på mannskapet fiskar er ikkje godt å sei
Dei blei små, båtane som ligg på Drange sammenligna med Le Grand Bleu. (Foto: An
Dei blei små, båtane som ligg på Drange sammenligna med Le Grand Bleu. (Foto: An
1 av 10

Kva han gjorde der, anna enn at mannskapa fiska veit vi ikkje.

Kanskje var eigaren på jakt etter lokale fotballspelarar (Lysefjorden hadde trening på same tida..).

Kanskje var det den vakre skjærgarden utanfor Os som lokka.

Veit du kva han gjorde der - send eit tips til andris@midtsiden.no.

Ein tipsar fortel at Le Grand Bleu vitja våre farvann allereie i 2001 då ho kom til Bergen for vinteropplag. Ho lå i Bergen i fem månader før ho satte bauen mot sydligare strøk.

Dette er Le Grand Bleu (Den store blå)
Le Grand Bleu er ein av verdas største private yachter på 370 fot (114 meter). Skipet blei bygd ved Bremen Vulkan veft i Tyskland.

Le Grand Bleu blei sjøsatt i 2000 og er designa av Stefano Pastrovich og bygd av Kusch Yachts.

Fotballskip?
Ho var først eigd av John McCaw Jr, ein amerikansk forretningsmann som solgte skipet til den ikkje heilt ukjende Roman Abramovich i 2002. Han måtte sjølvsagt gjere eigne tilpasningar ved HDW i Kiel. Mellomanna ei innvendig opprusting og den bakre platformen på 16 fot.

Roman Abramovich eig mellomanna Chelsea Fotballklubb i England gjennom Millhouse LCC og er den fjerde rikeste mann i Russland og blant dei 50 rikaste i Verda.

I juni 2006 gav han ho vekk til Eugene Shvidler som eig skipet i dag.

Shvidler er ein forretningsmann innen olje og mellomanna styreformann i Abramovich sitt selskap Millhouse LLC.

Le Grand Bleu har to 3 600 hestekreftars Wärtsilä-motorar.

Interiøret er hemmeleghaldt, men ein veit at det blei designa av Terene Disdale.

Kjelde: Wikipedia.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.