Lokal | 05. apr. 2010

Storkontroll 2. påskedag

Statens vegvesen kontrollerte 7300 kjøretøy i dag.

Storkontroll 2. påskedag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 05. apr. 2010 20:17

2. påskedag hadde Statens vegvesen bilbeltekontroll og teknisk kontroll på påskeinnfarta til Bergen. Ein av dei tre plassane dei sto var i Hjellemarka på E39.

- Kontrollane varte frå klokka 14 til 19. Til saman kontrollerte vi 7300 kjøretøy, fortel fagansvarleg inspektør Lars Harald Drange.

I tillegg til Hjellemarka sto vegvesenet på Fv 580 ved Grimen og E39 ved Vikaleitet.

34 gebyr
I løpet av fem timar skreiv vegvesenet ut 19 gebyr, kvart på 1500 kroner, for manglande bruk av bilbelte. I tillegg blei det 15 gebyr på 500 kroner for manglande førarkort eller vognkort.

Tre bilførarar blei meldt for å kjøra med ugyldig førarkort, då dei hadde tilhengar som var for tung. 11 kjøretøy fekk utferdiga mangellapp for tekniske manglar ved kjøretøya.

Svært godt resultat
- Dette viser at bilbeltebruken i påsketrafikken er svært god. Fleire nye bilmodellar, spesielt personbilar, har varsling dersom bilbelte ikkje er i bruk, og dette er nok noko av grunnen til at så mange brukar bilbelte, trur Drange.

- Vi håpar bilbeltebruken vil halda seg høg sjølv i nær- og byområder, som er eit prioritert område for Statens vegvesen. Bilbelte bergar liv, og det er det viktigste du tar på deg når du skal ut å kjøra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.