Lokal | 08. des. 2014

Storm og mykje nedbør tysdag

Det er venta lettare vêr måndag kveld og tysdag, men i morgon kveld skal det bli skikkeleg surt.

Storm og mykje nedbør tysdag
Det er meldt liten storm frå sør tysdag kveld. (Arkivbilde frå Os hamn, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 08. des. 2014 09:11

Temperaturen skal halda seg på mellom 0 og 4 plussgradar i Os og det er venta lettare vêr måndag ettermiddag og tysdag på dagen.

Men frå klokka 13-14 tysdag og utover ettermiddag og kveld skal vindstyrken auka kraftig.

Storm melder frå stiv kuling til liten storm, 14-22 m/s vind frå sør, Yr melder sterk kuling 18 m/s.

Sjå detaljert varsel for Osøyro på Storm vs Yr.

Frå 19-tida skal det også regna kraftig, over 15 mm nedbør er venta på nokre få timar.

Det er flo klokka 12:18 tysdag og 00:42 natt til onsdag.

Også onsdag og torsdag skal det bli vått og kaldt, men fredag og laurdag kan det bli noko lettare vêr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.