Lokal | 14. mai 2013

Større enn Stord!

I løpet av 1. kvartal 2013 har Os blitt større enn Stord, og er no den fjerde største kommunen i Hordaland.

Større enn Stord!
Os veks med 152 første kvartal 2013 (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretysdag 14. mai 2013 15:14

Statistisk sentralbyrå la i dag fram befolkningstala per 1. kvartal 3013 (31. mars).

Tala viser at vi har blitt 152 nye osingar og har passert Stord med 129 innbyggarar.

No er vi 18 294 osingar.

Med det er vi den fjerde største kommuna i høve folketalet i Hordaland. Bak Bergen (268 926), Askøy (26 927) og Fjell (23440), men framfor Stord (18161).

Berre Bergen (+ 976) og Fjell (+163) hadde ei større folkevekst enn Os dei tre første månadane i år.

Fleire fødde

Ser ein på detaljane i tala for Os ser ein eit fødselsoverskot på 24 (59 born blei fødd dei tre første månadane, 35 døydde same periode).

259 personar har flytta til Os kommune, av desse kjem 45 frå utlandet. 131 har flytta frå bygda, 8 av desse til utlandet.

Låg folkevekst i Noreg

I 1. kvartal 2013 auka folketalet med 12 400, til 5 063 700. Ein må tilbake til 1. kvartal i 2007 for å finne lågare folkevekst. Den låge veksten kjem spesielt av nedgang i nettoinnvandringa, men fødselsoverskottet gjekk òg ned samanlikna med 1. kvartal dei tre førre åra.

Dei fem største i Hordaland

Bergen 268 926 (+976)
Askøy 26 927 (+96)
Fjell 23 440 (+163)
Os 18 294 (+152)
Stord 18 165 (+4)
....

Fusa 3 806 (-12)
Samnanger 2 421 (- 13)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.