Næringsliv | 04. mars 2011

Større, men framleis liten

Knut Olsens Tjenester AS vaks gjennom finanskrisa. - Likevel er vi framleis små, og vaktmeistertenester har prioritet som hasteoppdrag, seier Olsen.

Større, men framleis liten
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. mars 2011 09:26

Knut Olsen blei rastlaus av å vera uføretrygda. Beina hans blei kraftig skadd i ei trafikkulykke i 1991, men Olsen klarer fint å gjera andre ting enn å sitja.

- Eg sa opp uføretrygda mi, noko dei ikkje akkurat hadde eit fast system for å handtera, smiler Knut.

Med enkeltmannsforetaket Knut Olsens Tjenester tok han på seg jobbar relatert til hus, heim og anlegg, frå husmaling til montering av garasjeport.

Oppdraga blei fleire og større, det gjorde også mengda tilsette, og i 2008 oppretta han aksjeselskap med same firmanamn. Det angrar han ikkje på.

- No er vi så mange at det følgjer nok kontorarbeid med til at eg kan halda meg litt meir i ro. Sjølv om eg trivst med arbeid ute i felten, kan eg ikkje stå så hardt på med løfting og klatring som resten av gjengen.

Hovudentreprenør som hastar til småjobbar

No tar Knut Olsens Tjenester, eller KOTAS, som firmaet stort sett kallar seg, heile jobben, frå prosjektering til bygging av hytte, naust og einesbustad, gjerne med rolle som huvudentreprenør.

- Vi har faste samarbeidspartnarar innan fleire fag og har blant anna tett samarbeid med arkitekt Ole Tvedt, som er med på prosjektering av enkelte oppdrag.

Samstundes har ikkje Olsen lagt vekk vaktmestertenestene han starta med.

- Vi skifter ikkje lyspærer for folk, men tar framleis mindre oppdrag og prioriterer dei som hastejobbar. Det kan vera alt frå å hjelpa privatpersonar med oppgåver dei ikkje klarer løysa sjølv til å assistera vaktmeistarar som kjem til kort med utsyr eller kompetanse på enkelte vanskelegare jobbar.

Gullsmed og Petter Smart

Å starta aksjeselskap i byggebransjen i tjukkaste finanskrisetid høyrest kanskje ikkje ut som god timing, men for Olsen blei det ein fin periode.

- Vi hadde bra med oppdrag og eg fekk tak i mange flinke folk, handverkarar som gjekk frå firma der framtidsutsiktene var meir usikre. Vi har vore oppe i 10 mann, no er vi sju, men nummer åtte er på veg inn.

Dei fleste i firma er tømrarar, andre har lang fartstid i fleire byggerelaterte bransjar.

- Samansetnaden er fin, og det får vi bruk for av og til. Vi har ein tømrar som også er utdanna og har jobba lenge som gullsmed, Tore Njøten. Han har eit eige auge for estetikk.

- Og så har vi Ingvar Haugland, som er ein Petter Smart når det gjeld utfordringar der andre står fast, for eksempel då ein kunde trengte garasjeport i butikken sin, men ikkje fekk lov å endra fasaden. Løysinga blei ei sveist ramme rundt den doble inngangsdøra, som gjorde at du kunne sveive heile dørsystemet opp som ein port.

Ingen gullalder

Trass i fin vekst og auke frå 3,9 millionar kroner i omsetnda første år som AS (2008) til 5,4 millionar kroner i 2009, seier Olsen at det framleis er eit slit i byggebransjen. Ein kamp om oppdraga og ein kamp om å halda likviditeten god.

- Dei nyaste byggforskiftene gjer jobben endå meir krevjande. Det er dessutan ikkje sikkert at dei verkar heilt som dei er tenkt, forskjellen i pris på dei som gjer lovleg arbeid og dei som ikkje tar seg tid med søknadar og godkjenningar blir større.

Olsen har vore innom portalar med ope anbodsnett, og har sett at fleire av desse fungerer som boltreplass for useriøse aktørar.

- Når kven som helst mot betaling kan registrera seg for å sjå oppdraga og gå rett på adressa og gje tilbod, kanskje utan nødvendig kompetanse, så blir dette ein marknadsplass der kunden ofte sit som tapar.

- Når nokon leverer same materialar og arbeid 20-30 prosent under andre burde det gjerne ringt ei bjelle hos folk. Vi har vore på fleire oppdrag der vi har retta opp etter slike som stiller og tar på seg ting dei ikkje kan til ein pris som viser seg å ikkje bli det einaste kunden må ut med for å få gjort jobben skikkeleg.

- Kva med eigedomsbransjen, blir det neste steg for KOTAS, med eigne prosjekt?

- Eg og arkitekt Tvedt har så vidt byrja å sjå på nokre område, også utanfor fylket. For min del kan det henda det blir enkelte investeringar og utviklingsprosjekt, KOTAS held fram i Os og omegn som før, seier Knut Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.