Sport | 05. mars 2012

Storsiger til damelaget

Os tok ein suveren siger i målrik treningskamp mot Smørås.

Storsiger til damelaget
Os i kamp i fjor. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 05. mars 2012 10:07

Damelaget til Os hadde ein god sesong i fjor. Med 2. plass på tabellen til sommaren var dei kvalifisert til å spela i toppa haustserie, der dei landa på 6. plass av 10 lag.

Etter sesongstart mista dei hovudtrenaren sin, Rune Balland, til gutelaget. Erstattar blei rutinerte Cato Moldskred, som også var med i trenarteamet førre sesong.

Søndag spelte damelaget første treningskamp etter at Moldskred overtok. Kampen, som gjekk på Kuventræ, enda med suveren siger.

Os - Smørås 8-0 (4-0)
Målskårarar: Caroline Hannisdal Nilsen 4, Anette Holmefjord 2, Nina Haugland og Synne Berg.

– Smørås er nyoppretta, men med mange gode spelarar og ein stor stall. Dei klarte seg ikkje så verst i går og eg trur trenaren deira var ganske nøgd trass i resultatet, seier Moldskred om motstandaren.

Med eige mannskap er han også ganske nøgd.

– Vi hadde ein svak start, men det kom seg då vi fekk ballen på bakken og fekk kjørt det spelet vi trener på.

Caroline med fire skåringar

Caroline Hannisdal Nilsen skåra det første målet og fylte på med yttarlegare tre nettkjenningar.

– Spelarane fann kvarandre og enkelte innøvde trekk fungerte og førte til skåring, så dette var god trening for oss. Fleire enkeltspelarar, som Caroline, framsto også som veldig gode, synes Cato.

Styrka stall

Damelaget har hatt to treningar i veka etter nyttår. Stallen er på rundt 20 spelarar.

– Vi har ei gruppe som stiller på alle treninger, og så har vi nokre som av ulike årsaker ikkje får vore like mykje med no i oppkjøringa.

– Vi har også fått nokre tidlegare spelarar tilbake, så Os stiller nok med sterkare stall enn vi avslutta med i fjor, trur Moldskred.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.