Sport | 21. nov. 2009

Storspelte mot Stord

Stord er blant dei beste laga i divisjonen, men fekk det tøft mot Os sin nye forsvarsformasjon i dag.

Storspelte mot Stord
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. nov. 2009 22:56

- Vi har prøvd oss på 3-2-1-formasjon før, i førre sesong, men då var vi ikkje tøffe nok. I dag fungerte formasjonen som den skal, jentene var aggressive og rå, seier trenar Kenneth Husebø.

Handballdamene spelte heimekamp også denne helga, og var nær på å hamna to mål bak Stord til pause. Stord ligg på 3. plass på tabellen eitt poeng bak Bjørnar 2 som har tre fleire kampar.

- Ei dårleg avslutting gjorde at det ikkje blei 9-11, gjestane kontra og sette inn 8-12 i slutten av første omgang.

I andre omgang heldt Os følgje, men nokre små feil slo stort ut på tavla.

- Vi hadde til saman 12 stolpeskot. I tillegg missa vi på fleire 100 prosent-sjansar, fortel trenaren.

Kampen enda 17-25, eit resultat trenarane var einige om var litt høgt.

- Ting fungerte i forsvar, vi spelte dei ut av stilen. Men på slutten fekk dei nokre enkle mål, så då blei resultatet som det blei. Men vi er nøgd med dagens kamp, dette er noko med det beste vi har levert i haust, meiner Husebø.

Dagens målskårarar: Madeleine Hjertnes 4, Hilde Kristine Røttingen 3, Tonje Hjertnes 2, Maria Stangeland Lunde 2, Trine Balland 2, Mona Stigen 2 (1 av dei på straffe), Ingvill Hefte 1 og Elise Hjelle 1.

- Etter denne kampen vil eg nemna to spelarar som spesielt gode, Tonje var veldig viktig for oss, ikkje minst i forsvar, og Vibeke får verkeleg løn for innsatsen ho har på trening, i dag spelte ho sinnsjukt bra, meiner Kenneth Husebø.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.