Sport | 11. aug. 2010

Størst frå Hordaland

Bjørnefjorden GK har sportslig suksess. Heile 5 spelarar er kvalifisert til helgas NM.

Størst frå Hordaland
Andris Hamreonsdag 11. aug. 2010 09:31

- Med det er vi den største klubben frå Hordaland i NM, fortel Sverre Marcelius, ein av dei kvalifiserte og til dagleg instruktør (PRO) på Bjørnefjorden GK (BJGK).

- Vi set utroleg pris på det arbeidet klubben har gjort dei siste åra og måten dei legg til rette for oss med sponsing av fly og opphald under NM, seier Marcelius.

Den sportslege satsinga til BJGK har gjeve resultater gjennom fem spelarar kvalifisert til NM i år. Til samanlikning har Hordalands største klubb, og fjorårets arrangør, Meland ingen spelarar i NM. 4 av dei 9 spelararane frå Hordaland kjem frå «lille» BJGK.

Solveig flyttar til USA.
Ein av spelarane frå BJGK som var kvalifisert til NM er landslagsspelar Solveig Helgesen. Ho har måtte melde avbod då ho denne veka flytta til Atlanta i USA for å studera og spela golf i fire år på Georgia State University.

Går for gull utan go'kølla
Ein av dei som stiller på Byneset golfbane utenfor Trondheim er fjorårets NM-sølvvinnar Øystein Engevik.

- Målsettinga er klar. Eg går for å vinna, seier Engevik.

- Det er eit tøft startfelt, men eg har førebudd meg bra, sjøl om eg aldri har spelt banen før, seier han.

Det største usikkerhetsmomentet for golfproffen er at han nyleg knuste favorittkølla si, drivaren.

- Eg liker å spela aggresivt der eg drivar (slår lange slag) for å setta ballen i spel. Utan ein god drivar som fungerar blir det tøft, men eg skal teste nokre køller i dag som eg håpar fungerar, seier Engevik.

I førebuingane har Engevik studert banekartet og fått banen forklart av dei som har spela den før.

- Eg trur banen skal passa meg bra, men er spent på å sjå om dei har klart å få greenane i toppshape og kor kort dei har klypt ruffen (det litt lengre gresset i kanten av banen), avsluttar Engevik.

Følg Øystein live her

Satte ny banerekord
Alexander Heggland (18) satte for ei veke sidan ny banerekord på Bjørnefjorden då han brukte 67 slag på 18 hol, no håpar han den gode formen skal halda seg.

- Eg går for å klare cuten (få lov til å spela finalane laurdag og sundag), seier det unge golftalentet.

- Klarar eg det, og spelar god golf skal eg vere nøgd, seier Alex som etter ei lita pause tidlegare i sommer har trent godt og melder om stigande form fram mot NM.

Følg Alexander live her

Einaste jenta
Sidan Solveig Helgesen har flytta til USA er Cecilie Langeland Olsen den eineste jenta som stiller frå BJGK.

Cecilie har tidlegare i sesongen spela 4 nasjonale turneringar med blanda resultat, men håpar på ei god helg i Trondheim.

- Det er eit tøft felt på damesiden òg, fortel Cecilie på telefon frå Trondheim.

- Akkurat som Alex er målsettinga mi å klare cuten, gjer eg det er eg kjempenøgd, seier Langeland Olsen.

Følg Cecilie live her

Alt kan skje
Sistemann på «laget», Sverre Marcelius, seier at målet er å få ei ny personleg besteplassering.

- Om eg klarar å bli blant dei 20 beste etter dei to innleiande rundane kan alt skje, seier Sverre.

- På ei god helg er ikkje topp 10-plassering umogleg, men då må eg ha flyten, fortel Marcelius.

Etter ei litt tung runde på Hordaturen på Fana for halvannan veke sidan har han teke seg fri frå instruksjonstimane på Bjørnefjorden for å spissa formen inn mot NM.

- Eg har hatt gode treningstilhøve den siste tida og følar at formen er stigande, seier Marcelius som nesten håpar på at vêrmeldingane med litt regn slår til.

Eg trur litt regn kan vere ein fordel for oss vestlendingane, avsluttar Marcelius

Følg Sverre live her

Fakta om NM:
91 herrespelarar
25 damespelarar
Spelast på Byneset golfbane
Innspel (Trening) onsdag
Kvalifiseringsrunder/Innledande runder torsdag og fredag
Finalerunder laurdag og sundag

Sjå når BJGK-spelarane skal spela her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.