Sport | 01. juli 2011

Størst og først

Det gjekk 10 minutt før første laks var på land då fisket i Oselvo opna natt til fredag.

Størst og først
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. juli 2011 06:41

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Bli varsla om siste nytt
Følg oss på Facebook

Fiskarane venta seg tidleg og god fangst i Oselvo opningsnatta 1. juli. Dei siste vekene har det stått fleire hundre store fisk utanfor Osbrua, dei siste nettene har Oselvo stige til å bli stor og brusande.

Midtsiden.no var som vanleg innom sone 0, 1 og 2 opningsnatta.

– Den første kjem nok i sone 2, men det er også fleire andre gode plassar på ei natt som denne, sa Leif Juvik, på plass for å slå av ein prat med dei som fiska i sonen nedst i elva.

Førstemann på Søfteland

Årets første laks var ein fisk på 3,1 kilo. Den blei landa på Søfteland, ikkje så langt frå svingen mellom Memos pizza og nærbutikken Joker.

Laksen blei fiska av Trond Vibeto, som sto og fiska med Roald Helle.

Vibeto er ikkje medlem av Os Jakt og Fiskelag, så dette var ikkje årets Oskar (første laks fiska av medlem).

Aure i sone 1 og 2

Yngve Drange, som sto og fiska med Terje Ålvik i sone 1, fekk tidleg napp. Drange ville setja den rundt halvkilo tunge auren ut igjen, men den hadde gapt over ein 30 gram tung laksesluk, så skadene var for store.

Også i sone 2 var det napp å få. Først hadde Per Olaf Tangen, som fiska saman med Ove Tumyr og Atle Jan Westrheim, noko stort på kroken. Men denne stakk over på motsett side og sleit seg.

Så fekk Tumyr ein aure på knapt eit kilo på land. Den hamna i elva igjen.

Årets Oskar

Første laks i sone 2 kom nesten ein time etter opning. Atle Jan Westrheim ein på beint 6 kilo klokka 00.58.

Ove Tumyr fekk seinare ein laks på 4,2 kilo. Dette er årets Oskar.

Midtsiden tema: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.