Lokal | 02. des. 2017

Storstilt jubileumsfeiring

Lesarbidrag: Det var stil over det då Søre Neset FUS barnehage feira 10 år.

Storstilt jubileumsfeiring
Karius og Baktus dukka opp då Søre Neset FUS Barnehage feira 10 årsjubileum (privat foto)
Andris Hamrelørdag 02. des. 2017 08:44

Bildeserie:

Ballongar høyrer med når det er fest (privat foto)
Ballongar høyrer med når det er fest (privat foto)
Festdekka bord (privat foto)
Festdekka bord (privat foto)
Buffet med is til dessert høyrer med (privat foto)
Buffet med is til dessert høyrer med (privat foto)
1 av 3
Ballongar høyrer med når det er fest (privat foto)
Festdekka bord (privat foto)
Buffet med is til dessert høyrer med (privat foto)

Måndag 27. november var dagen der bursdag-, jul-, nyttår- og 17.mai-feiring vart blanda saman til ei markering av dei sjeldne. Utanfor barnehagen var det lys, flagg og ballongkreasjonar. Innvendig var også ballongar, fint pynta bord og lekkert koldtbord . Alt i perfekt høgde for dei viktige gjestane i alderen 0-6 år.

Det som finst på markedet av vest, kjole, slips, skjørt, glitter, hårvoks, hårbøyle, diadem, finsko i alle variantar, smykker, fjær og flotte belter var henta fram frå skuffer og skap og festa på dei mest festklare av alle; barna i barnehagen. Rett skal vere rett; dei tilsette var eit syn dei også der dei svinsa rolige rundt og håndterte all tilrettelegging som krevst på slike dagar. Imponerande!

Når Edle klippa snora på sikkert 1000 ballongar som for i taket var stemninga bortimot euforisk. Små bein kribla under borda og applausen lot ikkje vente på seg. Begeistring! Magi! Glede! At eit par ballongar klarte å rota seg borti lysrøra førte til nokre uventa smell og resulterte i nokre tårer var dumt. «Det var rett og slett litt dumt at de sprakk sånn», kom det frå ein observant festdeltakar som hadde full oversikt over bord, ballongar og reaksjonar. «Ja», kom det støttande frå ein annan festdeltakar. Reflekterte og kloke barn i Søre Neset FUS barnehage AS.

Og for eit syn! Mellom 10.00 og 13.00 var stemninga i barnehagen høgtideleg, magisk, spennande og vakker. Det var auge som glitra rundt pynta langbord på kjøkkenet, maten smakte godt og koldtbordet var verkeleg prega av at dette var ei viktig markering. Du kunne blant masse godt forsyne deg med taco, laks, makaronisalat, eggerøre, kjøttbollar, hotdog, salat og ketchup…. Kva meir kan enn ønske seg?

At kjøttbollane av ein eller annen grunn hadde bestemt seg for å leve sitt eige liv og rulla rundt med ein gang dei havna på fat gjorde liksom ingenting på ein dag som dette. Hot-dog-salto var også heilt innafor og akseptert. Det er slikt ein må rekne med på fest og dei store reaksjonane uteblei. «Eg kan godt tørke opp ketchupen med sokken min!» var det ein som sa. Løysingsorienterte barn i Søre Neset FUS AS.

Økta rundt bordet er god. Vi nyter maten, koser oss, deler litt, pratar og ler. «Veit du at dette er den beste barnehagen i verden?» spør ei. Eg svarer at det er eg sikker på at det er. «Men eg skulle ønske vi hadde tannpirkarar her for eg har kjøtt i tenna» seier ei anna. Vi blir einige om at det går an å bruke tunga og liksom vaske tennene reinene. Vi prøver det alle saman men har delte meiningar om resultatet. Men vi er einige om at dersom du vil ha meir mat så får du det. Det er sånn det er når det koldtbord. Du må reise deg frå bordet, ta fatet med deg og gå rolig til koldtbordet. Det er reglar som må følgjast i slike settingar. Lærevillige og kunnskapsrike barn i Søre Neset FUS barnehage AS.

Og etter maten er det teater! Teater på ekte! Å som vi gleder oss! Vi ryddar bord og flyttar oss inn på teateret. Setter oss fint på plass og ein forteljar dukkar opp. Vi får lære kva ein forteljar er og gjør oss klare til å helse på Karius og Baktus. Og det er gøy! Juhu så gøy det er! Vi ler og koser oss ilag med forteljar, Karius og Baktus og Jens. Det er spennande! Og Karius og Baktus er morosam! Fleire i rommet kunne nok tenkt seg å ta de med seg heim. De ville utan tvil ha blitt god stemning med dei to sjarmørane rundt omkring i Os-bygda!

Takk for laget til alle som var med.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.