Næringsliv | 10. juni 2010

Stort etterslep

Streiken er over. No kan fleire tilsette førebu seg på overtidsjobbing fram mot ferien.

Stort etterslep
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. juni 2010 09:40

I går stadfesta Per Kristian Sundnes, forhandlingsleiar for KS, at det som på landsbasis har vore den største streiken på 30 år er over.

Torsdag, to veker etter at streiken starta, er dei tilsette tilbake på jobb.

- Stort etterslep
I Os har rundt 115 kommunetilsette vore tatt ut i streik, ein streik som i hovudsak har ramma SFO og barnehagar og arkiv og økonomiavdelinga i Os Rådhus.

- Det som har hopa seg mest opp er postmottaket, på arkivet har vi eit etterslep som gjer at vi truleg må ta i bruk overtid for å koma i mål til ferien, seier rådmann Knut Terje Rekve.

På rådhuset er det meir eller mindre felles ferie frå måndag 5. juli.

- Vi har planar om å avvikla ferie på vanleg måte.

Møte kan bli utsett
Politisk sekretær er blant dei som har vore tatt ut i streik. I formannskapsmøtet førre veke delte rådmannen og kommunaldirektør Karl Ole Midtbø på oppgåva.

- Også her har vi eit etterslep, noko som gjer at neste møte i plan- og bygningsutvalet, som ifølgje møtekalenderen skal vera i neste veke, kan bli utsett.

- Men kommunestyremøtet 22. juni skal vi nok klara å avvikla, seier Rekve.

Oppgjeret
Dette er ifølgje ei pressemelding frå KS hovudtrekka i årets oppgjer:
• Eit generelt tillegg på 2,1 prosent, minimum 7100 kroner
• 1,2 milliarder kroner til lokale forhandlinger med 0,85 prosent frå 1. august 2010 og 0,25 prosent frå 1. januar 2011.
• Oppgjeret har ei ramme på om lag 3,4 prosent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.