Sport | 20. juli 2011

Stortrivst i USA

Golftalentet Solveig Helgesen er heime på ferie i sommar. Resten av året speler ho golf i USA.

Stortrivst i USA
Andris Hamreonsdag 20. juli 2011 18:08

Då Solveig skulle ta vidaregåande utdanning gjekk turen til Noregs Toppidrettsgymnas i Bærum. Etter tre år på Austlandet gjekk turen vestover, men den stoppa ikkje før ho kom til Atlanta, USA.

Solveig fekk nemleg scolarship (betalt utdanning) ved Georgia State University (GSU) for å spela på skulelaget deira.

- Eg har hatt det heilt utruleg fantastisk og gler meg til å reisa tilbake til hausten, stråler golftalentet.

Kunne velje og vraka

Golf er som ei rekkje andre idrettar strengt regulert i forhold til kor tid lag kan ta kontakt med spelarar for overgang.

- Trenarane ved universiteta der borte reiser gjerne rundt på større turneringar i verda og ser på aktuelle spelarar. I overgangsvindauget tar dei så kontakt med dei spelarane dei vil rekruttera, forklarar Solveig.

- Det var etter at eg spelte lag-EM i Finland i fjor at Cathy Mant, trenaren ved GSU, tok kontakt med meg, fortel Solveig.

Det var ikkje berre GSU som hadde kasta auga sine på det unge golftalentet frå Bjørnefjorden.

- Eg hadde tilbod frå tre skular i fjor sommar, men valte GSU.

- Kvifor nettopp den skulen?

- Det verka som eit bra opplegg, ein god skule med eit passe nivå - også var det eit godt klima der.

- I tillegg virka det som Cathy var ei hyggeleg dame, forklarar Solveig om valet.

Dobbelt så stor som Os

Skulen som ligg downtown Atlanta med sine 5-6 millionar innbyggjarar husar 31.000 elevar.

- Det var litt spesielt å starta på ein skule som hadde om lag dobbelt så mange elevar som det bur i Os, smiler Hagavik-jenta.

Det første skuleåret har ho brukt til å ta dei grunnleggjande faga ho treng på den fireårige bacholor-utdanninga.

- Det er først no eg må velja retning. Det har ikkje vore enkelt, men eg trur det blir økonomi/business slik at eg kan ta ein master når eg kjem heim igjen til Noreg.

USAs beste studentheim

Solveig bur på campus i eit bygningskompleks med fire 8-etasjars blokker.

- Der bur eg i ei leilighet med eige bad og soverom. Stue og kjøkken delar eg med ei dansk jente på laget.

- Vi stortrivst i lag og skal bu saman også det skuleåret som kjem, men til neste år satsar eg på å få meg noko eiga sjølv om eg då må skaffa meg møblar og anna.

- Den studentheimen vi bur på har blitt kåra til den beste "dormen" i USA, legg ho til med eit smil.

Tryggleik i høgsete

Ein av grunnane til at ho vurderer å flytta for seg sjølv om eit års tid er behovet for å få vera litt i fred.

- Når eg skal tilbake til skulen og rommet mitt no må eg først gjennom ein sikkerhetsport, før eg må visa ID i ei ny sluse. Deretter må eg gjennom to låste dører før eg kan ta heisen opp og låsa meg inn på rommet.

- Det er klart at det er litt styrete, men samstudes gjev det jo tryggleik då, seier jenta som er vant til landlege og trygge omgjevnadar i Hagavik.

Ein tung haust

Starten på skuleåret blei ikkje heilt som golftalentet hadde venta. Fjorårs-sommaren var den beste ho nokosinne hadde prestert på golfbanen, med fleire representasjonsoppgåver for landslaget.

- Eg spelte skikkeleg godt i fjor sommar, men då eg kom til USA gjekk det ikkje så bra golfmessig.

- Eg visste at eg kunne, og ville så gjerne gjere det bra, men det ville seg berre ikkje.

Den vesle nedturen på golfbanen gav likevel verdifull læring.

- Det kom seg utover skuleåret når eg lærte meg å tenke litt annerleis ute på banen. Eg måtte fokusera på dei enkle tinga og roe meg ned i staden for å stressa med å skulle gjera det bra, analyserer Solveig ettertenksamt.

Amerikansk uttak

På skulelaget har dei den siste sesongen vore seks jenter, men berre fem av dei har fått spela i kvar turnering.

- Vi er jo i Amerika, så då blir det amerikansk uttak. Dei som har spelt best på trening får spele turneringane, forklarar ho enkelt.

Skuledagen har bestått av undervisning frå 08 til 12 og trening frå 13 til omlag 19 alle dagar unntatt onsdagar.

- For å ta ut laget har vi lagt inn speleøkter i treningane, så har dei som har gjort det best fått spela på laget.

Solveig har spelt alle dei 9 turneringane i årets sesong.

- Har du fått sett noko av USA eller har turneringane berre vore i nærområdet?

- Nei, det har blitt litt reising. Florida og New Mexico er to av stadene eg har vore og spelt.

Lagfølelsen sterk

Ein ting som har overraska det unge golftalentet noko er kor sterk lagfølelsen er når ho speler turneringane. På laget har ho i år spelt sammen med ei dansk, ei colombiansk, ei fransk og tre amerikanske jenter.

- Eg føler eit mykje større press til å prestera der borte enn eg gjorde då eg spelte i Noreg.

- No føler eg at eg sviktar laget om eg gjer det dårleg. Det opplevde eg berre då vi spilte lag-NM eller -EM her heime, forklarar Solveig om den nye opplevinga.

Medan dei i år berre har vore seks spelarar fortel ho at dei frå hausten av vil vera 9 eller 10 jenter på laget.

- Då blir det tøffere å kvaifisere seg for laget, så det er godt å vera heime å få trent skikkeleg i sommar.

Tre sigre og ein andre plass

Returen til Noreg har tydelegvis gjort ho godt. Så langt kan ho notera tre sigrar og éin andreplass i dei turneringane ho har deltatt i på heimleg jord.

- Eg har i snitt senka scoren min med fem slag etter at eg kom heim, så det er eg godt nøgd med.

- Til helga blir det noregscup på Borre golfklubb ved Horten. Forhåpentlegvis klarer eg å kvalifisere meg til NM gjennom den turneringa, seier ho.

Der får ho følgje av Alexander Heggland og truleg også Thomas Lothe Alvsaker. Cecilie Langeland Olsen som ho vann lag-NM saman med har i staden valt å satsa på junior-NM i år.

Hyggelege folk

- Avslutningsvis, kva har vore den største overraskinga det siste året?

- Det må vera kor hyggelege folk er der borte. Eg har verkeleg blitt tatt godt imot.

- I starten tenkte eg at dei kanskje var litt overflatiske, men det er dei slett ikkje. Det er rett og slett slik dei er, fortel ho om høflige amerikanarar som held døra open for deg og som spør korleis du har det når du møter dei.

- Eg følte meg som den egoisten til å byrja med, men etterkvart har eg lært meg til å halda døra for andre eg òg, ler ho.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.