Støttar STIL i budsjettet
Søfteland Turn og Idrettslag vil bygga friidrettsanlegg til fire millionar kroner. Med støtte av Frp og Høgre kan det stå ferdig første halvdel av 2015.
Først gjekk dei ut og sa at Strøno skule, trass forslaget frå administrasjonen, likevel ikkje skal bussa dei eldste elevane til Nore Neset skule.
I dag kom Frp og Høgre med nok ein «lekkasje» frå budsjettframlegget deira.
– Vi støttar STIL med inntil éin million kroner, slik at dei får realisert anlegget dei ønskjer å bygga ved skulen, sa ordførar Terje Søviknes (Frp) og varaorddførar Marie Lunde Bruarøy (H) på eit møte med lokalpressen i ettermiddag.
Søfteland Turn og Idrettslag vil bygga «Friplassen», som kort fortalt er friidretten sitt svar på ein ballbinge.
– Den nærmaste Friplassen for oss er i Bærum, det er berre bygd fem slike i Noreg. Ein sjette er under byggging i Levanger, får STIL dette gjennom er det den sjuande i Noreg, fortel søftelending Dag Gaassand frå Norges Friidrettsforbund.
Ein krins i kraftig i vekst
Leiar for STIL, Kato Nordland, seier idrettslaget er opptatt av å ha ulike idrettstilbod til ungdomen.
– Vi har eit flott anlegg på Stilvoll, men det er ikkje alle som vil spela fotball, og krinsen er dessutan i sterk vekst.
– I dag er vi rundt 1700 som bur på Søfteland, men med bygginga i Hjellemarka kan vi bli nærmare 3000 om 5-6 år.
STIL starta ei rekruttgruppe på friidrett i haust og har allereie 30 medlemmar.
– I dag driv vi med løping, spenst og kast, litt på grusbanen her, litt i gymsalen og av og til på tur til Fana Stadion. Får vi realisert dette blir det ein heilt ny kvardag for medlemmane våre, og for komane medlemmar.
Løpebane, kastefelt og hopp
Friplassen STIL vil bygga skal plasserast på Søfteland skule sin grusbane. Dagens sandvolleyballbane blit flytta litt, dagens ballbinge blir liggande akkurat der den er.
Friplassen får plass til hopp, kulekast, sprintfelt for 60 meter og løpebane som er 140 meter i innersving og 200 meter i yttersving.
Området i midten kan husa fleire aktivitetar, dette skal no bestemmast av STIL saman med skule, foreldreutvalet og elevrådet.
– Vi har no 200 elevar frå 1. til 7. trinn og er veldig glade for desse planane. Vi har bra med tilbod innan leik, men får no ein heilt annan boltreplass for gymnastikk og sportsleg utfalding i friminutta, seier Line Marie Aarbakke, rektor ved Søfteland skule.
«Rik onkel» tar halve rekninga
Prisen på Friplassen blir på rundt 4 millionar kroner. Idrettslaget har allereie fått 2 millionar i gåve frå ein privatperson.
Vedkomande hadde ikkje noko ønske om at det blei gjort noko nummer av, men vi har grunn til å tru at det er ein velkjent gåvegjevar som igjen har vore svært raus med eit idrettslag i Hordaland.
– Fire millionar er inkludert meirverdiavgift. Saman med pengegåva og ein million i Tippemidlar vil vi i vårt framlegg til budsjett spytta i inntil éin million. I tillegg foreslår vi at Os kommune forskotterer Tippemidlane, seier Søviknes.
Går alt på skjener kan friidrettsanlegget stå ferdig i løpet av våren neste år.
– Det har lenge vore ein kongstanke om å bygga eit større anlegg på eit LNF-område nede ved Bergstø som kommunen kjøpte for nokre år sidan.
– No blei det i staden ei storsatsing med dobbelthall og nytt friidrettsanlegg på Kuventræ, så då er det kjekt at vi i budsjettet finn rom for å gje noko til Søfteland likevel.