Lokal | 31. jan. 2017

Støttar vannskuter-endring

Administrasjonen i Os kommune støttar regjeringa sitt framlegg om å oppheva forskrifta for vannskuter.

Støttar vannskuter-endring
Oppheving av vannskuter-forskrifta kan skje frå 1. mai. Administrasjonen støttar framlegget i sitt forslag til høyringsuttale (arkivfoto: KVB)
Andris Hamretysdag 31. jan. 2017 14:23

I formannskapet neste veke legg administrasjonen fram eit forslag til høyringsvar til forslag om oppheving av vannskuterforskrifta, kor dei støttar forslaget.

Les òg: Regjeringa vil likestilla vannskuter med båt

«Os kommune støttar forslaget om å oppheve forskrifta for vannscooter då det er lite føremålstenleg å ha eit lovverk som kun regulerer eitt spesielt motorkøyretøy på sjø. Dei siste åra har det vore ei kraftig utvikling når det gjeld slike typar køyretøy. Det er rimeleg å tru at denne utviklinga vil fortsetje og det er difor viktig å ha eit regelverk som likestillar dei ulike fartøya både når det gjeld krav til tryggleik, støy og fart og som tar nødvendig omsyn til andre tema som for eksempel naturmangfald og friluftsliv.

Om lovforslaget blir vedtatt vil administrasjonen legge fram ei eiga sak for politisk handsaming med forslag til lokale retningslinjer for Os kommune. I arbeidet med å utforme lokale retningslinjer vil omsyna til fritidskøyretøy på sjø måtte vurderast opp mot ulike friluftsinteresser og omsyn til fastbuande/hytteeigarar i området.», heiter det i oppsummeringa frå Aina Tjosås, kommunalsjef for samfunnsutvikling.

Kan gje auka trafikk nær land

I saka vurderer kommunalsjefen særleg tre område; Forbodsgrense, støy og fart.

– Den generelle forbodsgrensa på 400/500 m er utfordrande med den topografien som finns langs norskekysten. Det er stor forskjell på strendene langs Jæren og skjergarden i Os. Ei oppheving av forbodsgrensene vil truleg føre til auka vannskutertrafikk.

– Som høyringa peikar på, vil dette kunna føra til auka potensiale for konfliktar mellom friluftsinteresser, hytteeigarar, fastbuande og båtfolk. I tråd med prinsippet for auka lokalt sjølvstyre, støttar likevel Os kommune forslaget om å oppheva den generelle forbodsgrensa og heller overlata til kommunane sjølv å lage lokale retningslinjer, heiter det i vurdringane kring forbodsgrenser.

Når det gjeld støy peikar Tjosås på at det er uheldig å ha eit lovverk som gjeld kun for éin spesiell type fritidskøyretøy.

– Støy er eit generelt problem som må handterast uavhengig av kjelde, skriv kommunalsjefen, som gjer den same vurderinga når det kjem til fart.

– Fart bør regulerast med generelle reglar for alle fritidskøyretøy. Os kommune støttar difor regjeringa sitt forslag om å oppheve særforskrifta for vannskuter, heiter det i framlegget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.