Lokal | 14. des. 2009

Støvsuger tok fyr

Kvernhusrenen blei røyklagt då det tok fyr i ein sentralstøvsuger i ein bustad måndag kveld.

Støvsuger tok fyr
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. des. 2009 20:00

Det såg kanskje dramatisk ut, men brannvesenet fekk ein enkel jobb med å sløkkja røyk-kjelda i Kvernhusrenen.

- Sentralstøvsugeren, som sto i ein bod, tok fyr. Vi drog ut kontakten og demonterte anlegget, seier Gunnar Hatlelid til Midtsiden.no.

Det var ein nabo som oppdaga at det sto røyk at av den utvendige boden på bustaden, og meldte frå til brannvesenet. Dette var i 17.30-tida i kveld.

Brannvesen og politi var raskt på plass og hindra brannen i å spreia seg. Huseigar var også heime. Det skal ikkje ha kome skadelege mengder røyk inn i bustaden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.