Støypte bru på ti timar
E39: Fylkesvegbrua i Endelausmarka ferdig støypt på rekordtid.
Denne veka kom det ny bru på plass i Endelausmarka, då brua til fylkesvegen som skal enda i Åsen blei støpt. Brua kryssar den nye E39-motorvegen mellom Os og Bergen.
– Det var rekna ut at det kunne gå over 14 timar med pågåande støyp av 472 kubikk, men mannskapa har fått bra rutine på støyping av brudekke etter to liknande bruer i fjor, så jobben var gjort på drøye 10 timar, fortel Geir Brekke, kommunikasjonsrådgjevar i Statens Vegvesen i ei melding.
Det var gunstige vêrtilhøve då brua blei støypt, noko som nok bidro til at arbeidet gjekk radig.
12 personar i arbeid
Brua er bygd med vanleg fylkesvegstandar. Gang- og sykkeltrafikken over nye E39 skal gå over ei eiga bru drøyt 100 meter lengre sør. Til den er ein i gang med fundamenta.
– På det meste var det 12 personar, både kvinner og menn, i sving under støypinga. Til og med eit par av leiarane til entreprenøren blei observert på dekk for å ta eit tak saman med arbeidslaget.