Strålande avslutting på vinterferien
Melder sol laurdag og opphaldsvêr fram til onsdag.
Det har blitt ein vinterferie med mykje vekslande vêr, og kulde nok til at fjella rundt Os har fått etterlengta påfyll av snø både før og i løpet av ferien.
I Eikedalen kom det 15 nye centimeter i går og no er også stolheisen i drift.
Både Os og nabokommunane får fleire dagar med fint vêr den neste veka.
Sol laurdag
Fredag starta med regn, men både Yr og Storm melder at det skal letta utover dagen.
Laurdag er det meldt lettskya, 2-3 m/s vind og 0-5 gradar i låglandet, men det skal skya noko til på ettermiddagen.
Søndag skal bli skya, med fare for 1-2 mm nedbør midt på dagen, og aukande vind til 7-10 m/s.
Fleire solrike dagar - og kanskje litt snø
Finvêret held fram måndag og tysdag, med lettskya himmel, -3 til 4 gradar og 4-5 m/s vindstyrke.
Onsdag og torsdag skal det koma nedbør, ifølgje Storm kan denne koma som sludd eller snø i Os.
Helga om ei veke ser førebels òg ut til å bli lettskya.
Kjelde/sjå detaljar: pent.no