Strålande marsjvêr

Bildeserie: Om lag 420 nytta finvêret i helga til å gå Ulvenmarsjen, noko som er ei fin auke samanlikna med 2014.

Stor stemning over Ulvensletta sundag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 19. apr. 2015 20:29

Bildeserie:

Joakim Sælen vann konkurranseklassa (privat foto)
Ulvenmarsjen ved Thuen (foto: Andris Hamre)
Matstasjon, som alltid, ved Nore Neset barneskule (foto: Andris Hamre)
Små og store deltok på årets utgåve (foto: Andris Hamre)
Spenninga var stor om ein hadde klart å svara rett på oppgåvene (foto: Andris Hamre)
Håkon Nybø fekk fat for si 25. deltaking, Kari Dale Pedersen gjekk for 30. gang. (foto: Andris Hamre)
Inger Lokøy fekk plaketten for 30 års deltaking av Erling Andersen (foto: Andris Hamre)
Joakim Sælen vann konkurranseklassa (privat foto)
Ulvenmarsjen ved Thuen (foto: Andris Hamre)
1 av 7

Laurdag og sundag i strålande vårvêr blei årets Ulvenmarsjen gjennomført.

– I går var det 201 som starta, så langt i dag har vi sendt 213 ut i løypa, fortalde Erling Andersen i tolvtida sundag.

Fleire var på veg til start, så Andersen rekna med at ein ville koma opp i 420 totalt for helga.

Stor stemning

Ute i løypa var stemninga god.

– I dag er det berre heilt herleg å gå, helsa ein av dei mange deltakarane.

– Tilbakemeldingane har vore gode både i går og i dag. Folk er nøgd, konkluderte Andersen.

Som ei klokke

I den 15 kilometer lange kappgangkonkurransa som òg er ein del av Ulvenmarsjen vann Joakim Sælen på tida 1.08.12.

– Men sjå på passeringstidene til Joakim. Han gjekk kvar fem-kilometer på 22.44, nøyaktig same tid på alle tre.

– Det trur eg knapt eg har opplevd før, fortalde Andersen.

Håvard Haukenes og Erik Tysse tok delt 2. plass med tida 1.12.23.

Fleire har gått alle

Andersen fortel at det er fleire som har gått samtlege av dei 37 marsjane.

– I fjor var det sju. Ein er vekke, så vi blir ikkje meir enn seks.

– Fem har eg sendt ut, men ho siste har eg ikkje fått med meg om har starta.

Ei som starta, og med det blei første kvinne over 90 år til å fullføra marsjen, var Lise Lotte Scheie, som var ute i løypa då Midtsiden snakka med Andersen sundag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.