Strålande på brannstasjonen
Open brannstasjon trakk som vanleg mange skodelystne små og store.
Kvart år inviterer Os brann- og redningsvesen til ope brannstasjon for at barn og vaksne skal få sjå nærare på brannbilane og ikkje minst prøva litt av utstyret. Då dørene opna klokka 11 sto det kø utanfor.
– Det gjer det kvart år, og er like kjekt kvart år, smiler Anne Kjersti Storebø, leiar førebyggande avdeling i Os brannvesen.
Hjelm og slange
Ved ankomst fekk ungane, nær sagt tradisjonen tru, utdelt kvar sin brannhjelm før dei gjekk laus på å testa utstyret og bilane.
– Her får dei testa brannslangene og sjølvsagt sitta i og sjå nærare på brannbilane. I tillegg har vi eit spørjeskjema med ulike oppgåver dei kan få løysa.
– Dessverre måtte legevakta avlysa bamsesjukehuset på grunn av sjukdom, men ellers har alt gått som planlagt. Det er nok litt færre folk her i år enn det det har vore tidlegare år, men eg forstår at det er ei fotballturnering på Kuventræ i dag, som gjer at mange ikkje rekk bortom her, avsluttar Storebø.