Heftig opning og varm velkomst på premiere på Baronessen fredag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sterk premiere av De To Vitse Menn

Helgesen og Corneliussen har selt 700 billettar på Baronessen.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Hausten 2017 var det utselt show og ekstranummer i Oseana, lokalrevy-helten Thomas Helgesen selte 1000 billettar i storstova på Mobergsneset før han tok showet til Bergen.

Revykollega Jan-Helge Corneliussen har erfaring frå konferansier-roller, blant anna for Os Internasjonale Filmfestival og Os Fotballgalla.

Dei har delt scene og køyrd sketsjar saman i Symrasalen med suksessrike Nor og ne i årevis, og då dei denne hausten annonserte kortreist juleshow gjekk billettane unna.

På under ei veke var 4 av 5 show utselt, dei siste 100 billettane på Baronessen forsvann òg fort. To ekstranummer er sett opp, og no er det få eller ingen billettar igjen.

Dei som har fått billett kan gle seg!

Vise vitsar og gode overgangar

Baronessen var fylt opp langt inn der pizzaomnane til Giovanni sto på 90-talet, men alle får med seg kva som skjer på scenen i det intome lokalet.

Thomas og Jan-Helge opnar med eksotiske rytmar til jubelrop frå publikum.

Sa vi Giovanni? Det blei starten på nokre elegante og morosame tilbakeblikk på livet på Øyro på 80- og 90-talet. Showet er, som dei seier det sjølv, skrive for menn mellom 42 og 50 år. Det såg likevel ut som om dei som er under 40 år sette pris på tilbakeblikka.

Etter nokre korte stikk til ein og annan politikar, og eksempel på korleis showet IKKJE skal bli, tar dei kvar sitt soloshow på kvar sin gode halvtime.

Sløyd og telys

Som solo standup er det ikkje plan- og bygningsutvalet det handlar om, men personlege (og intime) historiar frå artistane sine eigne liv.

Korleis blei Jan-Helge innadvendt? Kor mykje slit er det eigentleg bak julepresangane ungane dine kjem heim med frå sløyden?

Overgangane er fine, og både tynne og fyldige poeng sit spikra. Jan-Helge er ein meister på det litt diskret og tørre, som passar fint i hans tidlegare konferansierroller. Men som vi har sett på Nor og ne har han heller ingen problem med å ta det opp til det meir hysteriske.

Lærar Corneliussen får god respons frå start til slutt, både på eigen oppvekst, sløydtimane han underviser og han skildrar mistolking av stemninga på det kvinnedominerte personalrommet på skulen.

Dei rette gåvene - og den feile advendtskalenderen

Thomas slepp ikkje heilt tak i Osøyro i gamle dagar. Det er nemleg mørkare ting som har skjedd i Os sentrum enn avliving av svana Hamnesjefen.

Men så blir det julestemning igjen. Med premiere to dagar før første søndag i advendt, er timinga fin når han fortel korleis kalenderane fungerer, og ikkje fungerer, heime i Skeisheia.

Så blir det jul og ungane skal opna gåver. Kva ønskjer dei seg? Kven har produsert dei, sa du? Thomas har innført eigen valuta i heimen, også denne høyrdes det ut som om mange kjente seg igjen i. Eller vil kopiera når dei kjem heim.

Helgesen framstår som ein vellykka kombinasjon av Dagfinn Lyngbø og Leif Juster, med ein liten dose mr Bean når han tar i. Han treng sjeldan ta i.

Nabolaget vi burde mislika

Etter kvar si vellykka solo-økt er De To Vitse Menn saman igjen på scenen for ei advendtsstund.

Her er det både tilbakeblikk på dei siste åra i Os, valkampen og ei genuin skildring av oppveksta til ein liten politisk motstandar.

Samtidig forklarer Thomas korfor det er spesielt eitt nabolag i Os han ikkje liker.

Men Vitse Menn ser òg framover. Korleis skal den fargerike fellesskapen styra Bjørnafjorden? Helgesen og Corneliussen skildrar det heile på enkelt og effektivt vis, med køyretur og handletur.

Nøgde hovudpersonar

Gjestane på Baronessen sto i kø for å dela ut skryt til og om komikarane etter at showet var over.

– Det har vore ein veldig kjekk skriveprosess, og ei hard økt med å komprimera. Vi har nok ribba vekk halvparten før manus var klart, fortel Jan-Helge og Thomas.

– No er vi nøgde og glade. Det gjekk fint, og publikum var heilt fantastisk!

Fleire saker