Sport | 28. juni 2010

Strålande skulecup

Jentelaget frå Os ungdomsskule tok seg heilt til finalen i årets skulecup.

Strålande skulecup
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. juni 2010 12:00

I førre veke spelte Os finale i skulecupen som Hordaland fotballkrets arrangerer.

Etter siger over lag frå skulane Hop, Olsvik og Ortun venta Storetveit i semifinale.

- Her drog vi i land ein fin 4-1-siger over rivalane frå Kalandseid/Minde/Bønes, fortel spelande lagleiar Mariann Moberg Øvredal.

Måla blei skåra av Mariell Aasen, Kristine Moberg, Julie Kopperud og Åsne Takle Eide.

- I finalen møtte vi eit, som venta, sterkt lag frå Åstveit. Vi kjempa bra og begge lag hadde sine sjansar, men marginane var ikkje på vår side. Det enda dessverre med 0-5-tap.

- Vi vil takka for støtta, både frå foreldre og klassekameratar som møtte opp på både heime- og bortekampar, seier Mariann.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.