Strålande vêrmeldingar for 17. mai!
Melder sol og varmare vêr frå laurdag og heilt fram til nasjonaldagen.
Starten på mai overraska med snø (!), og temperaturane har halde seg under 10 gradar første del av den elles ofte milde månaden.
Men i dag strekk langtidsvarselet på VG Pent, som viser Yr og Storm side om side, seg heilt fram til fredag 17. mai.
Og det er ei vêrmelding som varmar.
Vêret skal letta fredag kveld, helga skal bli solrik, men med 6-7 m/s vind og temperatur på berre 10 gradar.
Sol og 17 gradar 16. mai
Frå tysdag skal temperaturen opp.
Russ, fotballsupportarar og andre som truleg vil vera utandørs på kveldstid utover i veka kan gle seg over 15-17 varmegradar og lettskya eller skyfri himmel onsdag 15. og torsdag 16. mai.
Også på grunnlovsdagen er det venta sol. Førebels er det meldt 13-14 gradar og lettskya.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.