Stram kustus i Tyrkia
I dag spelte Lysekloster mot danske VSK Aarhus.
Bildeserie:
Laurdag kveld kom fire fotballag frå Os til Tyrkia. Lysekloster reiser med 20 spelarar og fire i sportsleg leiing, og bur på hotellet IC Santai på stranda i landsbyen Belek.
– Vi er veldig nøgde med fasilitetane! Grasbanane er veldig gode og ligg ti minutt med buss unna, hotellet har alt av fasilitetar, blant anna eit stort treningsrom, seier sportsleg leiar Svein Kollen.
Laget trener to økter for dagen.
– Etter gutane sitt eige ønskje så har vi frukost klokka 07.15, første økt klokka 9.30 og andre økt klokka 15.30.
Fokus på siste tredel
Hovudtrenar Ruben Hetlevik seier det hovudfokus på treningsleiren er å skapa sjansar og å skåra mål.
– I tillegg vil øver vi på press etter balltap i etablert angrep, på kva vi skal gjera for å unngå mål imot når motstandar prøver seg på ein overgang.
Søndag og i dag har Lysekloster hatt sol og 20 gradar, måndag var det «bergensvêr» med 12 gradar og regn.
Spelte mot lag frå dansk 2. divisjon
Tysdag ettermiddag blei økt nummer to ein treningskamp mot danske VSK Aarhus.
VSK Aarhus speler i ei av tre avdelingar i 2. divisjon (nivå 3 i Danmark).
Lysekloster tok leiinga 1-0, men tapte 1-2.
– Vi skapte seks store sjansar, Aarhus skåra på to dødballar og skapte berre éin sjanse dei ikkje skåra på, seier Ruben.
– Eg er ikkje nøgd med utteljinga, men eg er nøgd med at vi skapte bra med sjansar og at vi elles lykkast med det vi øver på.
19 av 20 fekk speletid. Nokre av spelarane er småsjuke og spelte lite.
Mange nye blir betre kjent
– Ved sidan av treninga er det sosiale viktig. Gutane konkurrerer i alt frå bordtennis og dart til tennis og FIFA. Vi startar også årets sesong med ti nye spelarar, her får dei god tid til å bli betre kjent, seier Hetlevik.
Den danske juniortrenaren til Lysekloster, Jacob Nielsen, er òg med på turen.
– Han bidrar blant anna med individuell spelaroppfølging og fysisk fostring, og er ein viktig ressurs her nede, seier Kollen.
Treningsleiren varer til laurdag. Klubben jobbar no med å få nok ein treningskamp, og ønskjer å spele denne på fredag.
• Meir om leiren? På lysekloster.no er det daglege reisebrev.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.