Slik såg det ut i hamna på Våge i 2012. I år legg Tysnesfest om for å få betre kontroll i hamna (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Slik såg det ut i hamna på Våge i 2012. I år legg Tysnesfest om for å få betre kontroll i hamna (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Strammar inn i hamna

Hadde du tenkt å ta båten til Tysnesfest for berre å festa i hamna på Våge? Det kan du droppa.

Andris Hamre
05. juli 2017 - 11:57

Om ei veke startar Tysnesfest med artistar som Alan Walker, Highasakite, Kim Larsen og Daniel Kvammen. For å gje festivalgjengarane som kjem med båt eit enno betre tilbud har festivalen sett seg nøydd til å stramma inn reglane for hamna.

– Det har tatt litt av dei tidlegare åra og det har vore eindel som berre har vore med på festen i båtane og ikkje gått på land for å vera med på festivalen, fortel festivalsjef Sigvard Madsen.

Tek grep

I hamna har ein gått ned frå 500 til 400 båtplassar, mellom anna som følgje av nye reglar i høve brann og redning. Ein har også bygd om hamna slik at ein har berre eitt kontrollpunkt av gjestane som skal ned i hamna.

– Det gjer at vi får betre kontroll på at dei som er i hamna har lov til å vera der. Ein må vera båteigar eller registrert gjest i båt med gyldig billett for å få tilgang til hamna etter klokka 21.

Vil ha betre kontroll

Nytt i år er at båteigarar, som vil ligge i hamna må ha gyldig festivalpass og betala båtavgift.

– I tillegg må gjestar i båten kjøpa «Gjest i båt»-billett til 100 kroner og ha ett dagspass.

– Dette gjer vi fordi vi arrangerer tross alt ein festival og ønskjer at folk skal få den med seg. Det gjer dei ikkje om dei berre sit i båtane. Dei må komma seg på land.

– Korleis har reaksjonane vore etter at den nye ordninga blei kjend?

– Vi har fått mykje kjeft, men når vi har forklar kva det går i så har det roa seg.

– Det blir lagt ned mykje kostnadar og ressursar i høve tilrettelegging og vakthald i hamna. Dei kostnadane må vi prøva å få dekka inn. Det er i tillegg behov for endå betre kontroll, noko som er medverkande årsak til at vi gjer dette grepet, forklarer Madsen.

Ledig på hotellskip

Madsen reknar med at ein trass dei nye reglane vil fylle opp hamna. I år har festivalen leigd inn MS Gann som hotellskip med 70 doble lugarar.

– Det vil ligga på vågen her og det er framleis lugarar ledig. Vi har fått nokre reaksjonar på folk tykkjer prisen er litt høg, men det kostar det det kostar å få Gann opp her og få på plass den infrastrukturen som trengs.

Eventyrleg sal

Sjølve billettsalet til festivalen går så det griner i følgje Madsen.

– Det er heilt eventyrleg. Salet er langt, langt over fjoråret, kor vi selde 27.715 billettar. Men framleis er det både festivalpass og dagspass ledig.

– Bubilcampen er allereie full, men på teltcampen er det framleis noko ledig, avsluttar festivalsjefen.