Straumen tilbake i Os
9.000 av 10.000 i Hordaland har fått straumen tilbake og Dagmar ser ut til å ha mista styrke.


Måndag 2. juledag mista fleire osingar straumen. Salt i lufta etter at orkanen Dagmar passerte lengre nord har truleg vore medverkande årsak, regnet har derfor vore til hjelp.
– Rundt 10.000 av kundane vore har vore utan straum i dag. No er det 1000 igjen som framleis saknar elektrisitet, seier Anne Mette Tuvin i BKK.
Desse 1000 er i Nordhordland, Masfjorden og Gulen. I Os fekk dei siste straumen tilbake i 16-tida i dag.
Berre to brannar
Brannvesenet, som i formiddag rykte ut på melding om brann i trafokiosk både på Bjånes og i Lysefjorden, har elles hatt ein roleg dag.
– Det har vore stille i heile ettermiddag, seier Terje Håvardstun frå Os brannvesen.
Roleg natt til tysdag?
Ifølgje yr.no skal det blåsa opp igjen i kveld, med størst fart i vinden i 21-tida.
Det som skal ha vore liten kuling frå vest-sørvest råka ikkje hamna i Os hardt.
Også tysdag er det venta liten kuling frå vest, men det skal bli opphaldsvêr frå klokka 12 og delvis skya utover dagen.