Næringsliv | 28. mai 2010

Streiken er utvida

Streiken blir utvida med 72 tilsette i Os kommune. Frå onsdag er 119 i streik.

Streiken er utvida
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. mai 2010 13:06

Tidlegare i dag blei 47 tilsette i Os kommune tatt ut i streik. No blir streiken utvida med over 72 tilsette.

- 23 av våre medlemmar, tilsette som jobbar i Os barnehage, Søfteland barnehage og Lysekloster barnetun blir tatt ut i streik i denne utvida runden, seier Åse Gjerde frå Delta Os.

Slik fordeler dei 23 seg:
Os barnehage 10
Søfteland barnehage 7
Lysekloster barnetun 6

I tillegg tar Fagforbundet, som i første runde berre tok ut 17, ut 49 i runde 2.

- I første runde blei tilsette i rådhuset, vaktmeistarar, konsulentar på skular og nokre på teknisk tatt ut. No tar vi resten, det meste av skular og barnehagar blir ramma, seier Johnny Christensen i Fagforbundet.

Den utvida delen av streiken trer i kraft onsdag morgon, 2. juni. Med mindre partane i mellomtida blir einige.

- I Oslo, som er eige tariffområde, har dei blitt einige, noko som kan koma til å smitta over på partane utanfor Oslo. Sjølv trur eg også vi blir einige før onsdag, men det er langt frå sikkert enno, seier Christensen.

Viss ikkje er det til saman 119 tilsette i Os kommune i streik frå 2. juni.

Les òg:
Fleire kan bli ramma

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.