Av og til går det gale i rundkøyringer. Om fleire kunne reglane kunne nokre av ulykke vore unngått. (Ill.foto: Kjetil Vasby Bruarøy) 

Gjer du denne feilen i rundkøyring?

1 av 3 i hordalendingar er usikker på reglane.  

image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

– Rundkøyringar engasjerer valdsamt og er eit tema som vert prega av sterke meiningar og stor uvisse.

Dette seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Han trur mykje av årsaka ligg i at rundkøyringar finst i forskjellige utgåver, med omsyn til inn- og utkøyringar, oppmerking, tal felt og så vidare.

Ei undersøking gjennomført av Ipsos for Gjensidige viser at 30 prosent av bilistane i Hordaland ein eller flere gonger har følt seg usikker i ei rundkøyring.

Lov å skifta felt i rundkøyringa?

– Når man er inne i eller på veg ut av ei rundkøyring, gjeld vanlege reglar for feltskifte. Det vil seia at det ikkje er andre reglar for feltskifte i en rundkøyring enn på vanlig vei.

Dette seier jurist Asia Akhter ved seksjon for trafikkadferd i Vegdirektoratet til Godtforberedt.no

Kva inneber inneber dette då?

«Jo, med «vanlege reglar» har bilen som skal skifta felt vikeplikt for «køyrende som befinn seg i det feltet det skal køyrast inn i eller som først må kryssast».

Akhter får støtte av fagkonsulent Ellen Ramstad i Autoriserte Trafikkskolers Landsforening (ATL).

– Det er ingen eigne reglar for vikeplikt i rundkøyringar. Ei rundkøyring er eit kryss, der skilting regulerer vikeplikten. Skal du skifta felt, skal det skje på bakgrunn av skilting, oppmerking, plass og sikt, seier ho.

Her kan du lesa ein fasit på korleis køyra i rundkøyring. (Godtforberedt.no) 

Blinklys til irritasjon

På spørsmål om kva som irriterer bilistane mest med køyring i rundkøyring, kjem signalfeil, eller manglande bruk av dette ut på topp. 

• At andre bruker blinklys feil eller ikkje i det heile – 77 prosent

• Har feil filskifte i rundkøyringa – 56 prosent

• Held for høg fart inn i eller i sjølve rundkøyringa – 56 prosent

– Korleis var no reglane?

Voll er glad for at mange gjer uttrykk for at dei er komfortabel med reglane ved køyringi rundkøyring, men er dette riktig?

Erfaringar viser at mange overvurderer sine eigne kunnskapar og trur at dei kan reglene godt. Voll trur at når alt kjem til alt, så er veldig mange usikre på korleis reglane faktisk er.

Kvar dag opplev fleire titalls personar at smell og at de får skada bilen i ei rundkøyring. I tillegg opplev mange nestenulykker, der det likevel går bra.

– Talet på rundkøyringar har auka kraftig dei siste åra og mange har fleire felt og fleire inn- og utkøyringar. Nokre rundkøyringar kan til og med ha tre til fire felt inn eller ut av rundkøyringa, noko som kompliserer saka ytterlegare, seier Voll.

Voll trur mange er usikre når de beveger seg inn i område med ukjente, og da spesielt store rundkøyringar med fleire felt. I tillegg avløyser ofte ei rundkøyring seg med ei ny rundkøyring få meter unna, noko som forsterkar uvissa ytterligare.

3 av grunnane til at vi køyrer feil i rundkøyringar:

1.     For dårleg kunnskap om trafikkreglane i rundkøyring.

2.     Dårleg, eller manglende vegmerking.

3.     Stor variasjon i rundkøyringane – «to rundkøyringar er aldri like».

Fleire saker