Falck køyrde seg fast i forsøk på å koma på rett side av strøbilen som hamna i grøfta måndag morgon. (Foto: lesarbilde, tips@midtsiden.no)

Strøbil i grøfta - bergingsbil køyrde seg fast

Sørstrøno: – Ingen kjem forbi, fortel innringar. Bergingsbil køyrde seg fast i forsøk på å koma rundt.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Ein strøbil har køyrd seg fast i Sørstrøno måndag morgon.

– Dei har jobba med å få strøbilen vekk i to timar no. I mellomtida kjem ingen seg forbi.

Han reknar med at 6-7 bilar har snudd og køyrd heim mens dei ventar på at vegen skal opna.

– Ingen «sør for» saltebilen kjem seg nokon stad. Situasjonen er altså ikkje avklart, slik det var meldt i BT tidlegare.

Prøvde å berga, køyrde seg fast

I forsøk på å få laus strøbilen køyrde ein traktor gjennom skogen.

– Denne klarte ikkje å dra strøbilen laus. Ein bergingsbil frå Falck har prøvd å koma seg rundt, men denne køyrde seg fast på eit jorde.

No skal NAF vera på plass med ein større bil for å dra Falck opp frå jordet.

Folk i Sørstrøno er i mellomtida spente på om dei kjem seg av øya før lunsj.

Kjempar for betre infrastruktur

I 2014 var nabolaget innestengt av buss som sto fast.

Innbyggarane i Sørstrøno jobbar òg med å få breiband til krinsen, og kan få statsstøtte til utbygginga.

Det har i morgontimane vore svært glatt på vegar og på fortau, og det har òg vore ei utforkøyring i Idrettsvegen.

Fleire saker