Sport | 12. apr. 2011

Strøken søndag med fiskelaget

Tore på tokt: Det blei både foto og fiske på Tore Njøten då han søndag blei med Os jakt- og fiskelag til Marsteinen.

Strøken søndag med fiskelaget
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. apr. 2011 08:57

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 8
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Tekst og foto: Tore Njøten

Det skulle gå ei stund før Tor Åge Thuen og Ove Lyssand fekk sjøsett ideen om fisketur etter stor fisk.

Taklene har lagt ferdig knytt heile vinteren og er endeleg klar for djupet. 15 godbetar i fritt fall mot botnen, kvar med ein spent fiskar i andre enden; «blir det min tur til å passera tosifra tal på vekta?»

Les òg:
Stor fisk og artige artar

Med morgonsola i ryggen og retning Marsteinen blei nytrekt kaffi slurpa i varsame drag, godt blanda med prat om taktikk, gamle skrøner og ny stang.

Eg skulle vera med som gjest og fotograf, men jeg klarte ikkje legga stanga igjen heime. Det er litt fiskarblod i årene mine òg.

Båtane, to skøyter av god årgang, hadde godt med plass og var ei god plattform for alle håpefulle. Her kunne vi kjøpa agn og her kunne vi varma kalde fingrar om timane ute ble for lange. Med vêr som no blei det mykje utetid, snakk om full klaff der!

Fisket ble avgrensa til området utanfor Marsteien fyr. Her var grunnene nøye kartlagt, planane var gode og detaljerte, men så var det dei som skulle bita på då ...

Tor Åge fekk den første, ei lita brosme på knappe kiloen. Ein fisk som det skulle bli litt av, og alle i samme vektklasse.

Ein skal ha nokre gode porsjonar tålmod som fiskar. Det blei ein del stang ut før fiskane kunne kleppast. «Eg har noko på!» «Ja, du har meg!» Fiskarar på den eine sida av skøyta fekk fiskarar på motsett side sitt snøre på kroken.

Men stemninga var like god som vêret.

Ei lange på 7 kilo blei største fisk om bord i vår båt. Den andre skøyta fekk ein torsk på 8 kilo, så dermed blei det bortesiger.

Det som frista mest med turen var ikkje fisket, men den gode stemninga, atmosfæren i ei gamal skøyte og kjensla havgapet gjev deg ein sånn følott vårdag.

Eg blir gjerne med på neste tur.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.