Strøymde på med nye skyttarar
Suksess på Landsskytterstemnet har gitt stor interesse for skyttersporten. Søndag var det fullt på standplass.
Bildeserie:
Det blei fullt på standplass då Os skyttarlag arrangerte skytingens dag sundag. Sukessen på Landsskytterstemnet med to noregsmeistrar til Os skyttarlag og fleire topp-plasseringar har ikkje gått upåakta hen.
– Dette er jo ei kjempeoppslutning, jubla Anstein Eidsvik og Jan Kristian Evensen i ungdomsutvalet medan dei såg at alle dei 10 standplassane på 100 meter banen var fylt av ungdom som hadde lyst å prøva skyttersporten.
I tillegg var det ein god del vaksne som fekk prøva seg, slik at det blei totalt tre lag med nye skyttarar i løpet av dagen.
Rekruttane viste veg
Ungdomsutvalet hadde invitert rekruttane og dei eldre rekruttane til samling denne helga, med instruksjon og skyting laurdag.
– I dag skal dei få testa ut det dei lærte på laurdag ved å vera instruktørar for dei nye som er her.
– Eg tykkjer dei klarer seg veldig bra. Det er kjekt å sjå at dei tek oppgåven på alvor, skrytte Eidsvik.
Feira seg sjølv
Det var ikkje berre skyting og nyrekruttering som sto i fokus under den opne dagen på skytebanen. Ute var det dekka på med kaker, kaffi og saft.
– Vi har gjort tidenes beste landsskytterstemne. Då må det vera lov å feira.
– I tillegg har skyttarane våre gjort ein kjempegod sesong på samlagstemner og andre opne stemner, så no er det berre å hugga innpå så vi får opp sukkerinnhaldet før lagsskytinga, helsa Helge Eidsvik, leiar i Os skyttarlag ved kakebordet.
Dagen blei nemleg avslutta med lagsmeisterskap for medlemmane i skyttarlaget.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.