Stum invasjon av seljarar
Politiet: Trafikkontroll laurdag og natt til søndag, bråk i Kuvågen og eit renn av meldingar om stumme dørseljarar.
Laurdag i 15.30-tida var politiet i Bjørnen og kontrollerte ein utlending etter melding om stum seljar som gjekk på dørene med trefigurar.
– Det var eit renn av tilsvarande meldingar laurdag, det var seljarar blant anna på Kuven, Moberg, Solstrandsområdet og i Kuvågen, fortel politibetjent Tom Johannessen.
– Og alle sa dei var stum.
Politiet sjekka identiteten opp mot eventuelle etterlysingar før seljarane fekk gå vidare.
– Det er lite anna vi kan gjera, sjølv om publikum tydelegvis synes det er ubehageleg.
Gebyr og førelegg
I 4-tida natt til søndag hadde politiet promillekontroll på Strønevegen.
20 bilistar blei kontrollert, politiet fann ingenting å reagera på.
I 9.30-tida laurdag formiddag hadde politiet kontroll på Lepsøyvegen.
Der blei det skrive ut eitt gebyr og eitt førelegg.