Lokal | 13. juni 2012

Stygg køyring og festbråk

Politirapporten: Stygge forbikøyringar på E-39 og i sentrum. Festbråk i Mobergshaugen. Ingen promille.

Stygg køyring og festbråk
ill.foto: Andris Hamre
Andris Hamreonsdag 13. juni 2012 10:28

Politiet fekk tysdag melding frå Vallaheiene om fleire motorsyklar og ein ATV som dreiv med stygge forbikøyringar og uvettig køyring på E-39.

- Vi rykka ut for å sjå om dei kom til Os, men traff ikkje på dei, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Også i Os sentrum skal ein bilførar ha drive med tussakøyring.

- Det var ein Toyota som hadde fleire farlege forbikøyringar ifølgje meldingane.

Heller ikkje denne fekk patrulja fatt i.

Festbråk og bosskasting

På kveldssida måtte patruljen ta ein tur i Mobergshaugen kor ein fest hadde utagert.

- Deltakarane hadde kasta noko boss rundt seg og støye eindel.

- Då patrulja ba dei rydda opp og roa seg etterkom dei ordren, fortel politioverbetjenten.

Null promille

I Hegglandsdalen tok politiet ein promillekontroll og kontroll av førarkort.

- Der blei 14 kontrollerte uten reaksjonar.

- Det var det heller ikkje grunn til å koma med i høve til bilføraren vi på formiddagen fekk melding om moglegen køyrde med promille.

- Det viste seg at alt var i orden, avsluttar Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.